Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Visitas i Austevoll

Fungerande biskop Jan Otto Myrseth var på sin andre visitas tysdag 2. – sundag 7. desember.

Visitasen starta med eit møte med staben der blant anna trursopplæringa var tema. Torsdags kvelden var det strategimøte med soknerådet og staben der ein drøfta strategi ut frå visitasmeldinga. På programmet stod: Både babysong og øving barnekoret I-sing i Hundvågøy kyrkje, skulegudstenste i Bekkjarvik, spørjetime på ungdomsskulen og lysmesse med konfirmantane i Austevoll kyrkje. Han fekk omvising i Bekkjarvik og fekk møta lokalt næringsliv på North Sea Shipping og fekk læra om «subsea»-aktivitet. Det var også møte med lærarane på Storebø skule om skule-kyrkjesamarbeidet. Fungerande biskop hadde og samtale med kommunen ved ordførar, kommunalsjef, rådmann m. fl.om tilhøva i kommunen og dei økonomiske utfordringane med så mange kyrkjer. Myrseth sa at han kjende seg privilegert som har vorte kjent med ein slik fin, raus og gjestfri stad og kyrkjelyd.

Sundag 7. desember var det visitasgudsteneste i Austevoll kyrkje på Storebø. Etter visitasgudstenesta på sundagen hadde han desse utfordra til kyrkjelyden i visitasforedraget: 

  • Bruk kyrkjene som de no har. Lat bruene vera kyrkjeveg begge vegar.
  • Lag eit system for å ta vare på dei frivillige, uløna medarbeidarane.
  • Få på plass ei ordna gjevarteneste.
  • Lag ein skule-kyrkjeplan.
  • Ta grep for å få til eit tilbod for ungdom året etter konfirmasjonen. 

Visitasen vart avslutta med kyrkjekaffi og middag med representantar for kommunen.