Visitas i Naustdal

Jan Otto Myrseth som er fungerande biskop i Bjørgvin har vore på sin fyrste visitas, i Naustdal.

Fungerande biskop i Bjørgvin Jan Otto Myrseth hadde sin fyrste visitas då biskop Nordhaug var sjukmeld. Det var eit omfattande program med møte med stab, sokneråd og kommune, kulturkveld i det nypåbygde kyrkjelydshuset, skulegudsteneste i Naustdal kyrkje og kunstvandring med omvising av skuleborn i og ved Vevring kyrkje. Vidare var det spørjetime på ungdomsskulen, vitjing av aldersheim og gardsbesøk på Tuna samdrift med omvising i fjøset der kyrene vert mjølka automatisk. 

Jan Otto Myrseth sa i sitt visitasforedrag i Naustdal kyrkje at Kulturkvelden med mottoet «Kyrkja midt i bygda, midt i livet!» var ei stor oppleving: «Det var fullt kyrkjelydshus, og programmet hadde flotte innslag frå mange generasjonar. Kvelden vart leia av to flinke jenter frå ungdomsutvalet og det var eit fint program med gitarspel og song frå kulturskulen og opplesing. Og så var det rikeleg med flate kaker. Og jommen klarte dei ikkje å setja meg fast i ein quiz om Sunnfjorddialekten.»

Han gav dei desse utfordringane å arbeida vidare med:

  • Kall nye til å ta ansvar for kyrkjekaffien, og bygg trivsel rundt gudstenesta så fleire går oftare.

  • Prioriter eit familiearbeid i kyrkjelydshuset. Det er god diakoni.

  • Ta grep for å få til undervisningskveldar for vaksne.

  • Forkynn fram gjevargleda og legg til rette for ei spissa gjevarteneste.

 Visitasføredrag (lydfil) ligg nedanfor. – manus til preike og føredrag blir tilgjengeleg seinare.

 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30