Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Høyr preike og visitasføredrag frå Sogndal og Leikanger

Biskop Halvor Nordhaug var på visitas i Sogndal og Leikanger i slutten av april. No kan du høyra preika og visitasføredraget.

Biskopen har møtt tilsette, råd og frivillige i kyrkja og lokalsamfunnet ved blant anna ungdomsskuleelevar, ordførarar og fylkesmannen. På Høgskulen på Vestlandet heldt biskopen føredrag for og snakka med barnehagelærar og studentar om samarbeidet mellom kyrkja og barnehagane i eit livssynsope samfunn. (Dette føredraget har vi ikkje opptak av).

Høyr opptak av visitasføredraget som vart halde etter gudstenesta eller les det ved å følgja lenkene nede på denne sida.

På den nasjonale klimakonferansen heldt biskopen eit innlegg om «Klimaendringar i eit åndeleg perspektiv».  Sjå lenke til video av dette innlegget nede på sida. 

I visitaspreika på 5. sundag i påsketida preika biskopen over teksten i Lukas 13, 18-21 om Guds rike som eit lite sennepsfrø. Sjå lenke til lydopptak av preika nede på sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30