Visitas på domssøndagen

Biskop Halvor Nordhaug har vore på visitas i Nysæter og Stord sokn.

Nedanfor finn du link til biskopen si preike på domssøndagen og visitasføredraget. 

Preika tok utgangspunkt i teksten i Joh. 9, 39 - 41:

Då sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal bli blinde.» Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kanskje vi òg er blinde?» Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga synd. Men no seier de ‘Vi ser!’ Difor blir synda dykkar ståande.»

I visitasføredraget gav biskopen kyrkjelydane følgjande oppmodingar:

  • Styrk gudstenesta! Gå dit regelmessig, både for dykkar eiga skuld og for å gje Gud ære.
  • Sats på å få med fleire frivillige, og gje dei oppfølging slik at fleire kan bli med i det som skjer
  • Stord må arbeida vidare med planane om kyrkjelydshus i dialog med riksantikvar og kommunen
  • Nysæter må arbeida vidare med planane om kveldar med gudsteneste og undervisning
  • Få i gang ei gjevarteneste i båe sokn. 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30