Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fakturering av presteteneste ved gravferd

Det kan i einskilde høve krevjast betaling for prestetenesta ved gravferd. 

Bjørgvin bispedømeråd har med heimel i Tjenesteordning for menighetsprester (fastsett ved Kronprinsreg.res. 19. oktober 1990 i medhald av Grunnlova § 16), vedtatt at slik betaling kan krevjast i følgjande tilfelle: 

  • dersom avlidne ikkje var medlem av Den norske kyrkja, jf. § 11 (5).
  • dersom avlidne og denne sine næraste/den som sørgjer for gravferda var/er busette utanfor det prostiet som er presten sitt tenestedistrikt, jf. §§ 11 (2) og 17 (2). 

Bispedømerådet sender faktura til den som sørgjer for gravferda (ikkje gravferdsbyrået.) Skjemaet "Fakturagrunnlag for gravferd" (sjå vedlegg) skal fyllast ut når avtale om gravferda vert gjort. Det skal informerast om kva prestetenesta kostar, samt heimelen for betalingskravet. 

Fakturagrunnlag skal sendast til Bjørgvin bispedømekontor eller til:

Bjørgvin bispedømekontor
Pb. 1960 Nordnes
5817 Bergen

Presten får godtgjort for gravferda etter særavtalen for enkelttenester. Beløpet som vert fakturert er kr 3 700,- og er høgare grunna tillegg av pensjon, feriepengar og arbeidsgjevaravgift. Når ein prest har ei gravferd og får ekstra betalt, må dette skje på ein slik måte at det ikkje er til hinder for presten sitt ordinære løna arbeid. Tenesta, medrekna førebuing, skal ikkje inngå i arbeidstida til presten.

Bispedømerådet vil senda faktura straks grunnlaget ligg føre. Utbetalinga til presten kjem i samband med neste ordinære lønsutbetaling.