Fakturagrunnlag - vigsel av brurepar som giftar seg utanfor sitt prosti

Dersom ein giftar seg innanfor det prostiet ein er busett i skal ein ikkje betala for prestetenesta. Om ein derimot giftar seg inanfor eit anna prosti, er det brudeparet som sjølv betalar for prestetenesta.

Heimel for å ta betaling for prestetenesta er Tjenesteordning for menighetsprester §11.

Eit brurepar kor begge bur utanfor prostiet skal betala for prestetenesta ved vigselen. Bispedømerådet fakturerer då til brureparet.

Brureparet skal få utlevert skjemaet "Skjema fakturagrunnlag for vigsel" (sjå vedlegg), samt informasjon om kva prestetenesta kostar. Utfylt og signert skjema skal returnerast til vigselspresten før vigsla finn stad (t.d. under vigselssamtalen.) 

Fakturagrunnlag skal sendast til Bjørgvin bispedømekontor på bjoergvin.bdr@kyrkja.no eller til Bjørgvin bispedømekontor, Pb. 1960 Nordnes, 5817 Bergen. 

Presten får godtgjort for vigselen etter særavtalen for enkelttenester. Beløpet som vert fakturert er på kr 3 500,- og er høgare grunna tillegg av pensjon, feriepengar og arbeidsgjevaravgift. Når ein prest har ei vigsel og får ekstrabetalt, må dette skje på ein slik måte at det ikkje er til hinder for presten sitt ordinære løna arbeid. Tenesta og medrekna førebuing skal ikkje inngå i arbeidstida til presten.

Bispedømerådet vil senda faktura straks grunnlaget ligg føre. Utbetalinga til presten kjem i samband med neste ordinære lønsutbetaling.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30