Vil du vere vikar hos oss?

Bjørgvin bispedøme har til ei kvar tid bruk for vikarar. På denne sida finn du rettleiing for deg som skal ha eller ynskjer vikarteneste i Bjørgvin bispedøme.

Ønskjer du å vere vikar i Bjørgvin bispedøme?

Bjørgvin bispedøme har til ei kvar tid bruk for vikarar i prestetenesta. Behovet gjeld særleg ved feireavvikling om sommaren, men òg elles i året.

Du søkjer ved å fylle ut og sende registreringsskjema og CV til Bjørgvin bispedøme om du er interessert i vikarteneste hos oss. Alle vikarar må fylle ut registreringsskjema. På skjemaet skriv ein inn aktuelle prosti og evt. andre ønskjer, så tek vi kontakt med deg. Det er prosten som avtalar arbeidstid og arbeidsstad. Om du endå ikkje er ferdig utdanna Cand. theol. med praktikum eller tilsvarande, er det fint om du skriv litt om kor du er i studieløpet og erfaring elles frå arbeid i kyrkja. Vi ber om at personsensitive opplysingar ikkje vert sendt på e-post.

Bjørgvin bispedømeråd stiller krav om at alle som vert tilsett i stilling som inneber omsorg for eller oppgåver knytt til mellom anna mindreårige, må vise fram tilfredsstillande barneomsorgsattest (politiattest) jf. Trossamfunnsloven § 20 jf. politiregisterloven § 39 første ledd. 

Sjå elles under fana "For tilsette" for annan informasjon for tilsette i Bjørgvin bispedøme.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!

[Missing text '/cookieconsent/missingConsentSharing' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)'][Missing text '/cookieconsent/missingConsentMessageFunctional' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)']

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"