Støtt kyrkja på Cuba

Bjørgvin bispedømeråd har venskapssamarbeid med Den Lutherske kyrkja på Cuba. Våre søsken der har bruk for vår støtte - les meir om dette her.

Bispedømerådet gjorde 1.juni 2021 vedtak om å gå inn i eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrkja Iglesia Evangelica Unida (IEU) på Cuba, saman med Normisjon som har samarbeidd med den kyrkja i over 20 år.

I oktober gav bispedømerådet ei startgåve på 150.000 kroner.

  • 30.000 brukt til del av medisinsk hjelpesending på 1.6 tonn
  • 42.000 brukt til støtte løner etc i perioden oktober-desember
  • Noko går til kyrkjelydsplanting i bydel i Havanna

I tillegg har det kome inn vel 30.000 kroner i einskildgåver etter at prosjektet vart presentert på Stiftsmøtet i november, og vel fire tusen kroner i kyrkjeoffer. 

Det er viktig å støtte prosjekt som kan skape framtidige inntekter lokalt, t.d. kyrkjelydsbarnehagar. Det er mange initiativ i kyrkja.

Kva rekk kronene til?

  • 850 kroner (100 $) er pastorløn i ein månad. Dvs. 3 personer som gjev 300 kr/mnd finansierer ein pastor (kubansk minstelønn)
  • For 500 kroner kan ein person delta på inspirerande 2-3 dagars Agenda1-samling (kost, losji i kyrkje og reisetilskot)

Slik kan du gje

  • Gje på Vipps 96005 eller konto 1503.02.13537 (Normisjon). Merk gåva «prosjektnummer 501005».
  • For skattefrådrag på individuelle gåver på Vipps: Skriv mobilnummeret ditt i tillegg til prosjektnummer.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"