Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Om Reformasjonsbyen Bergen 2017

Bergen er Noreg sin representant i eit nettverk av 68 europeiske byar (r2017.org). Bergen kommune, Bergen domkirke menighet, Bergen kirkelige fellesråd og Bjørgvin bispedømme har saman etablert «Reformasjonsbyen Bergen 2017» og inviterer alle til deltaking i aktivitetar både under sjølve Lutherfest-dagane 3. – 7. mars og i heile reformasjonsåret 2017.

31. oktober 2017 er det 500 år sidan Martin Luther offentleggjorde sine berømte teser mot avlatshandelen i Wittenberg. Dette utløyste reformasjonen som forandra store deler av verda.

Bergen og reformasjonen

I 1526 mottok erkebiskop Olav Engelbrektsson i Nidaros det fyrste av fleire klagebrev om lutherske tendensar i Bergen. Det var ikkje tilfeldig at Luthers lære fekk grobotn i Bergen, og at hanseatane var ivrige forkjemparar for den nye læra. Den lutherske tradisjonen med å syngje bordvers spreidde seg raskt i dei bergenske heimane.

Markering heile året

Reformasjonsåret 2017 vil bli markert over heile verda i eit økumenisk fellesskap, i akademia og samfunnet elles. 

Feire fruktene

Reformasjonsbyen Bergen har som mål å 

  • Synleggjere spor av reformasjonen i samfunnet
  • Feire dei gode fruktene av reformasjonen
  • Gje impulsar til debatt om samfunnsverdiane våre

(Program med atterhald om endringar)

Samarbeidspartnarar: Institutt for design ved fakultet for kunst, musikk og design (UiB), Bergen Arkitekthøgskole, Universitetet i Bergen, NLA Høgskolen, KFUK-KFUM, Kirkens Bymisjon, Norsk kirkeakademier, Bergen filharmoniske orkester,  Bergen kino, Bergen offentlige bibliotek, SMM, Mellom-kirkelig Råd, HimalPartner, Digni, Kirkekunstsamlingen, UiB, Museum Vest, Evangelisk tysk-talende menighet i Oslo, Tysklands Nasjonale Turistkontor, Bymuseet i Bergen, Museum Vest, Fortidsminneforeningen.

Bidragsytarar: Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedøme, Fritt Ord, H. Westfal-Larsen og hustru Anna Westfal-Larsens almennyttige fond, Akasia, EGD, W. Giertsen Hallsystem.  

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30