Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Sunniva - Bjørgvins kyrkjemor

«Sunniva er ei påminning om kvinnene sin sentrale plass i kyrkja. Vi har ikkje berre kyrkjefedre, men også kyrkjemødre. Sunniva er Bjørgvins kyrkjemor.» (Prostiprest Sigurd Vengen)

«Sunnivahola er livmora som fødde kyrkja i Noreg. Selja er staden der kyrkja i Noreg vart fødd, og Sunnivahola vart «det eldste bevarte kirketak i Norge.»
(Sigrid Undset).

Det er mange som har arbeidd med og lete seg inspirere av St Sunniva.

Nedst på denne sida kan du finne meir informasjon om den spesielle kvinna på fleire nettsider som vi har lagt ut lenkjer til . 

Sunniva-hymnen

Sunniva-hymnen Eterna Christi munera for Sunniva og Seljahelgenane blei truleg skriven i Bergen på 1200-talet, og skulle syngjast under vesperen på afta for festdagen 8. juli. Ei eldre hymne med same namn blei også brukt på denne festdagen, og det er sannsynleg at den nyskrivne teksten frå 1200-talet skulle syngjast til den tradisjonelle hymnemelodien. Dermed kan me også i dag framføre hymna skriven til ære for Sunniva og Seljahelgenane, sjølv om musikken til resten av den lokalskrivne liturgien for 8. juli er tapt.  For notar, tekst og lydfil, sjå lenkjer nedst på sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30