Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bjørgvin bispedøme sitt forhold til Sunniva i dag

Det kom eit skip til Selja, og om bord var Sunniva og dei som seinare vart kalla ’Seljemennene.´ Dei var flyktningar, - og modige vitne om trua på Kvite-Krist. Skipet var utan årar, segl og ror, men Herrens vind og vér førte dei over havet, frå Irland til Selja og til Kinn. Det var kyrkjeskipet som kom.

Den underlege historia fekk sin slutt, og si byrjing, då dei vart martyrar i Mikaelshellaren: Sunnivahola. Med full rett kan ein seia at ”Sunnivahola er livmora som fødde kyrkja i Noreg” .  Selja er staden der kyrkja i Noreg vart fødd, og Sunnivahola vart ”det eldste bevarte kirketak i Norge.” (Sigrid Undset). Selja vart bispesete for Vestlandet frå 1068, inntil det vart flytta til Bergen ved slutninga av 1000-talet og fekk namnet Bjørgvin.

Ein kvar fødsel er identitetsskapande. Slik er det sjølvsagt også for det fellesskap av menneske som utgjer Bjørgvin bispedømme. Vil vi vite kven vi er, må vi kjenne vår historie. Det begynte på Selja, med Sunniva og Seljemennene, og det som hende med dei har hatt og har si virkningshistorie like til no.

Nettopp i vår spenningsfylte kyrkjetid er Sunniva ei stadig påminning om kristentrua sin djerve vilje til oppbrot. Å tru er ikkje berre å halde noko for sant. Å tru er å gjennomføre ei reise, og denne reisa kan ha uventa oppbrot og gi nye erfaringar på veg mot det evige målet.

Sunniva, - hennar historie og virkningshistorie -, er også eit underleg uttrykk for Jesu livsmønster: den gode vegen går gjennom død til liv. Det er ved å gi at vi får, ved å tilgi at vi blir tilgitt, ved å misse vårt liv at vi finn det. Det er ved å døy at vi står opp til evig liv.
Sunniva er også påminning om kvinnene sin sentrale plass i kyrkja. Vi har ikkje berre kyrkjefedre, men også kyrkjemødre. Sunniva er Bjørgvins kyrkjemor.
Sunniva uttrykkjer også tydeleg at den kristne trua er ikkje norsk, men universell. Den kristne trua kom rekande til oss på ein kjøl; kom til oss utanfrå, og kjem til oss utanfrå. 

Kristentruas vesen er å bli til. Den er ikkje ferdig. Den blir til ved stadig mottaking av Guds nåde, - den som blir gitt oss i ytre hendingar, i tid og rom, når Ordet og sakramenta blir delte ut. Sunniva gir oss tilskunding til å halde fram med det.

Prostiprest Sigurd Vengen

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30