Biskopens julehelsing - Eit nådens år

– I ei tid der dei ytre krava til oss berre aukar, kjem Jesus med ein heilt annan bodskap: Du er dyrebar for Gud. Du er elska. Dette er jula sin glade bodskap. Dette er evangeliet. Slik skriv biskop Ingeborg Midttømme i si julehelsing kyrkjelydane i Møre. Les heile julehelsinga.

EIT NÅDENS ÅR

No er den her, denne tida kor vi førebur oss til jul. Kva for ein julesong er din? Kva går du og nynnar på, syng inni deg eller syng høgt? Gjennom songen har mange erfart at jula si store forteljing kjem veldig nær, ja, får eit eigarforhold til den.

Advent ber med seg mykje glede, men også forventing som gjer oss sårbare. Forventning om -  eller glede over - å bli sett og verdsett. Ønsket om å bli hugsa på av dei som står nær oss. Saknet etter nokon som stod nær oss.

«Eit nådens år» har vore overskrifta for kyrkja sitt arbeid i 2017. Nåde betyr at noko blir vårt ganske enkelt ved at vi takkar. Vi kan ikkje tene oss til det, uansett kor lenge vi strevar. Vi fortener det ikkje. Vi berre får det i gåve. Juledagens evangelium i Johannes 1,9 seier: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.»

Vi har feira dette gjennom heile året. Feira at Gud kjem til oss gjennom bibelforteljingane og blir synleg. Feira at bibelforteljingane rommar våre livserfaringar på godt og vondt, gir fellesskap og opnar rom for tru. I ei tid der dei ytre krava til oss berre aukar, kjem Jesus med ein heilt annan bodskap: «Du er dyrebar for Gud. Du er elska.»

Dette er jula sin glade bodskap. Dette er evangeliet.

Den julesongen som betydde aller mest for mamma, er «Eg er så glad kvar jolekveld.» Livet ut kunne ho alle 9 versa utanåt i rett rekkefølge. Det siste verset har blitt eit sterkt vitnesbyrd:

Eg er så glad kvar jolekveld,
så glad i Jesus Krist,
og at han også elskar meg,
det veit eg sant og visst.

Eg har brukt dette året til å tenkje over korleis eg gjennom livet har fått møte Guds vilkårslause kjærleik. Først såg eg dei store augneblikka. Ved slutten av dette året ser eg at uansett kva som møter meg er eg kvar einaste dag elska av Gud.

No ventar eit nytt nådens år på oss.

 

 

 

 

                                                            Ingeborg Midttømme   

                                                            Biskop

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes