Frå viking til pilegrim: Bli med på opning av Kystpilegrimsleia

Båtkortesje med historiske fartøy, pilegrimsvandring på Edøy og til Kulisteinen og program i amfiet på Gurisenteret. Dette er noko av det du kan oppleve under den nasjonale opninga av Kystpilegrimsleia på Smøla 23. juni.

Frå viking til pilegrim: Fylkesordførar Jon Aasen og biskop Ingeborg Midttømme inviterer til den nasjonale opninga av Kystpilegrimsleia, som vil foregå på Smøla 23. juni. Foto: Ingvild Dverseth Sæter/Møre og Romsdal fylkeskommune.

– I år blir opninga av Kystpilegrimsleia markert langs heile kysten, med hovudarrangementet på Smøla på Jonsokaftan, laurdag 23. juni. Den offisielle opninga av leia blir gjort av preses i Den norske kyrkja; Helga Haugland Byfuglien.

Kystpilegrimsleia er seglingsleia frå Stavanger til Trondheim, som vart brukt av pilegrimane i mellomalderen. Dette blir eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining, seier ordførar i Smøla, Roger Osen.

Saman med biskop Ingeborg Midttømme og fylkesordførar Jon Aasen sender smølaordførar Osen no ut invitasjonar til gjestar over heile landet. – Men arrangementet er ope for alle, seier Osen, som håpar det kjem mykje folk til Edøy og Kuli denne laurdagen.

 

Frå viking til pilegrim
Arrangementet startar kl. 13.30. På det innhaldsrike programmet står mellom anna ei båtkortesje med historiske fartøy, arrangement i amfiet på Gurisenteret og song frå Fru Guri av Edøy.

Artist og skodespelar Hans-Erik Dyvik Husby, kjent frå gruppa Turboneger, kan du høyre i samtale med biskop Ingeborg Midttømme. Husby har ei rolle i årets utgåve av Fru Guri, og har ei sterk personleg historie.

 

Kulisteinen – Noreg sin dåpsattest
Kulisteinen er ein viktig del av arrangementet og pilegrimshistoria. Runeinnskrifta på Kulisteinen er datert til 1000-tallet og blir rekna som kyrkja sin dåpsattest, fordi den er eit av dei tidlegaste prova på kristendommen sin framvekst i Noreg. Steinen gir også det eldste skriftlige provet for bruken av namnet «Noreg».

BILDET: Frå viking til pilegrim - frå færing til ferje. Måtar å reise på har endra seg gjennom tusen år, men pilegrimen er framleis undervegs. Fylkesordførar Jon Aasen og biskop Ingeborg Midttømme inviterer dagens pilegrimar til opning av kystpilegrimsleia på Smøla 23. juni. Foto © Svein Magne Harnes

 

Meir enn ein pilegrimstur

– Laurdag 23. juni er Jonsokaftan. Smøla skal fylle dagen med eit sterkt og godt innhald, lovar ordførar Roger Osen. Men for dei som ønskjer tradisjonell midtsommarfeiring blir det også sjanse for det: Edøy grendelag inviterer til bål og trekkspelmusikk etter arrangementet.

– No håper vi at mange tar turen til Smøla 23. juni, og blir med på å markere opninga av eit heilt spesielt reiselivsprodukt, avsluttar han.

 

 

BILDET: Ordførar i Smøla kommune, Roger Osen, ønskjer velkommen til opning av Kystpilegrimsleia. Arrangmentet blir avvikla i området Edøya/Kulisteinen Jonsokaftan, laurdag 23. juni - og arrangørane håper på god oppslutning, både lokalt og frå tilreisande.

                                                                                                        

           Foto © Svein Magne Harnes

KVA ER KYSTPILEGRIMSLEIA?

  • Kystpilegrimsleia er eit samarbeidsprosjekt mellom fem fylkeskommunar og fire bispedøme,
    frå Rogaland i sør, til pilegrimsmålet Nidaros (Trondheim) i nord og Riksantikvaren.


  • Målet med Kystpilegrimsleia er å ta opp att og bruke mellomalderen si seglingslei frå Stavanger til Trondheim som eit miljøvenleg og berekraftig reiselivsprodukt. Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilagstader, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelstadar og fyrstasjonar, i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.

  • Det er dette som no er samla til eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining. Kystpilegrimsleia vart godkjent som ein av St. Olavsvegane til Trondheim i desember 2017. Opninga skal markerast langs heile leia i juni 2018, mellom anna med ein siglas frå Stavanger til Trondheim.

  • Sjølve hovudarrangementet for opninga er lagt til Edøy på Smøla. Arrangementet er eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Møre bispedøme.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"