Fagdag diakoni og teologi

Diakonien si teologiske motivering og forankring er utgangspunktet når Møre bispedøme inviterer til fagdag i Volsdalen menighetshus, Ålesund, torsdag 21. november. Hovudinnleiar er Kjell Nordstokke; misjonær og teolog som har arbeidd mykje med det diakonale aspektet, både i eit lokalt og eit globalt perspektiv.

Under fagdagen diakoni og teologi vil Kjell Nordstokke gje eit diakonalt innsteg til å tale om skaperverk, om rettferd og om å avskaffe fattigdom - ikkje berre globalt, men i vår lokale kvardag.

Meld deg på Fagdag diakoni og teologi

Siktemålet med fagdagen er å presentere og diskutere tverrfaglege perspektiv på diakonien, og særlege målgrupper er tilsette i kyrkjelydane og alle som arbeider innanfor diakonifeltet.  

Fagdagen blir halden i Volsdalen menighetshus mellom kl. 10.00 - 14.00 21. november er eit samarbeid mellom Møre bispedøme og Nordre Sunnmøre prosti.

Kjell Nordstokke.jpg

Under fagdagen vil Kjell Nordstokke (bildet) først ha ei økt der han girdiakonien teologisk motivering og forankring. Deretter held han eit hovudinnlegg, der han vil snakke om den «profetiske» diakonien. Innlegget har fått tittelen "Djerv diakoni".

– Ofte avgrensar vi diakoni til å handle om eldrearbeid, føremiddagstreff og sjelesorg. Nordstokke er utfordra til å gi oss eit diakonalt innsteg til å tale om skaperverk, om rettferd og om å avskaffe fattigdom, seier Arvid Helle, leiar av kyrkjefag i Møre bispedøme. – Då tenkjer vi ikkje berre på det internasjonale diakoniengasjementet, men på korleis vi kan møte utfordringane som er nær oss og rundt oss kvar dag. Nordstokke er også utfordra på å måle kyrkja sin diakonale innsats på FN sine bærekraftsmål, seier Helle.

Han fortel at kyrkjelydane og andre arbeidslag med diakonale oppgåver er utfordra på å gje respons-innlegg på hovudinnlegget til Nordstokke. Deretter blir det samtale og spørsmål.

Lunsj blir servert i menighetshuset.

 

Meld deg på Fagdag diakoni og teologi

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"