Sterk reformasjonsmarkering i Bud

Lokale innleiarar skapte interesse og engasjement hos eit stort publikum under reformasjonsseminaret i Bud laurdag. Festkvelden i Bud kyrkje med foredrag og musikk sette stemninga i haustkvelden.

Beate Mordal, Møremusikarane og Daniel Herskedal og Gule blandakor sette stemninga under festkvelden i Bud kyrkje

Over 100 tilhøyrarar fylte den store salen ved Bud museum for å høyre på lokale innleiarar som tok føre seg Reformasjonen - det store skiljet i kristenliv og samfunn.

 Fylkeskonservator Bjørn Ringstad trakk opp det store bildet med overgangen frå heidendom til kristendom, medan førstekonservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet tok tilhøyrarane med inn i dei mange lokale endringane som reformasjonene etter kvart førte med seg.

Litteraturprofessor Arne Apelseth og økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten tok føre seg ulike sider ved Hans Nielsen Hauge og Haugianismen. Generalsekretær Heidi Westborg Steel snakka om entreprenørskap som misjonsstrategi.

 

Om kvelden vart Bud kyrkje fylt då Edvard Hoem heldt sitt foredrag om arven frå Luther til Hans Nielsen Hauge; korleis dette kom til uttrykk og kva merke det har sett fram til i dag.

Beate Mordal framførte Petter Dass sin monumentale salme "Herre Gud ditt dyre namn og ære" etter ein norsk folketone. 

Møremusikarane og Daniel Herskedal sørga for "Gjenhøyr frå Veøya" og Gule blandakor sette sitt preg på kvelden. 

 

BILDET: Innleiarane under reformasjonsseminaret samla ved minnestøtta for Riksmøtet i Bud 1533. Foredraga deira teikna eit breitt bilde av reformasjonen sin gradvise transformasjon av det norske samfunnet. Frå v. litteraturprofessor Arne Apelseth, generalsekretær Heidi Westborg Steel, førstekonservator Mads Langnes, fylkeskonservator Bjørn Ringstad, økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten, biskop Ingeborg Midttømme og forfattar Edvard Hoem. 


Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"