Gripande 300-årsfeiring for Bud kyrkje

Ein samla kyrkjelyd i Bud møtte søndag biskop og representantar for det offisielle Norge til jubileumsgudsteneste for å markere at Bud kyrkje er 300 år.

Bud kyrkje i sin finaste stas til 300-årsjubileumet - i godt forsommarver.

BILDET:  Sentrale lokale krefter i Bud hadde lagt alt til rette for ei minnerik festgudsteneste. Her er dei lokale eldsjelene flankert av gjester frå det offisielle Norge, m.a. biskop Ingeborg Midttømme, fylkesmann Lodve Solholm, fylkesordførar Jon Aasen.

Med tekstlesing, allsang, korsang, solosang - og endåtil ein nykomponert salme til dagen vart gudstenesta til ei flott feiring for ei fullsett kyrkje. Dei som ikkje fekk plass i kyrkja, fekk overført gudstenesta via skjerm til eit arrangementstelt ved kyrkja. Der var det også kyrkjekaffe etter gudstenesta.

Kyrkjelyden song med ekstra styrke då Tone Kristin Bergseth sin spesialkomponerte salme "Kyrkja vår er heilag" vart sungen til avslutning: 

1. Eit hus vart reist i bygda vår,
det står så traust, bak våre naust.
Med form av kross den minner oss 
Om håp og tru for oss i Bud.

Refr:
For kyrkja vår er heilag,

den gir oss kraft i storm og nød.
Den viser oss Guds kjærleik
som styrker gjennom liv og død.

7. Tre hundre år, heilt til i dag
har kyrkja stått i mage slag
No står ho framfor oss så fin
- så flott å sjå - slik skal ho stå.

(Utdrag frå jubileumssalmen av Tone Kristin Bergseth)

Bildet: Sokneprestane i Fræna ved Bud kyrkje; Svein Audun Hatlen, Maria Vassli Gjære, Finn Ove Kaldhol, flankert av biskop Ingeborg Midttømme og domprost Olav Gading.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"