Ørsta kyrkje: Premiere på «Korfor er det så mørkt her?»

18. oktober blir det premiere på teaterframsyninga som denne hausten skal turnere i kyrkjer i heile Møre bispedøme. 32 framsyningar om nåde for ca 2000 konfirmantar står på programmet.

Teaterframsyningar om nåde

Scenekunst og trusopplæring - Fantasi, undring og opne samtalar om liv og tru, tradisjon og fornying.  Denne hausten skal framsyninga «Korfor er det så mørkt her?» turnere i kyrkjer i heile Møre og Romsdal fylke. 32 framsyningar for ca 2000 konfirmanter står på programmet. Framsyninga er laga av Happy Monks Productions i Ålesund. Stykket er skrevet av Marit O. Kaldhol. Viggo Solum og Inger Bakke er skodespelarane i stykket,  godt hjulpet av Solveig Fagermo – scenograf, Karstein Sollie – regissør/ koreograf og musikar Stian Omneås.                      

 

Premiere i Ørsta

18. oktober blir det slått på stortromma når det inviterast til premiere med rød løpar, og med representantar frå Kyrkjerådet, bispedømmekontoret, prosten i Søre Sunnmøre og dei lokalt tilsette og leiinga i Ørsta kyrkjelege fellesråd. Det vil bli to framsyningar (kl.15.00 og 18.00) for ca. 150 påmeldte ungdommar. Så denne dagen blir det folksamt i Ørsta kyrkje.

Nåde, myndiggjøring og livsmestring er tema kyrkja ønskjer å utforske saman med barn og unge gjennom prosjektet «Framsyningar om nåde». Seks framsyningar som aktualiserer reformasjonens tema for barn og unge er blitt utvikla med sikte på å framføres i kyrkjer over heile landet hausten 2017. Kyrkjerådet har, i samarbeid med Norsk Scenekunstbruk tildelt midlar til utvikling av framsyningane.

BILDET: Happy Monks-gjengen. Frå venstre: Viggo Solum, Solveig Fagermo, Marit O. Kaldhol, Inger Bakke og Karstein Sollie 

I samarbeid med, og med økonomisk støtte frå dei ulike bispedømeråda får kyrkjelydane i Den norske kyrkja i heile Noreg tilbod om å bestille den av de seks framsyningane dei synes passer best for seg. I Møre har vi vald å prioritere framsyninga «Korfor er det så mørkt her?». Både fordi den er produsert i vårt bispedøme, men aller mest fordi vi trur dette er eit stykke som vil gje konfirmantane gode innspel om omgrepet «Nåde».

I Stykket møter vi karakterane Mo og Bo som på en ærleg og flott måte belyser omgrepet «Nåde». Trekk frå fleire bibelforteljingar blir aktualisert av rollefigurane. Ei framsyning utan klare svar, men som rører.

Framsyninga har ei 3–deling, kor del 1 er ei førebuing og workshop, del 2 er sjølve framsyninga og del 3 er ei oppsummering og ein samtale/ dialog med dei som har sett framsyninga. Der er utarbeidet et undervisningsmateriell til bruk i for – og etterarbeidet av framsyninga.

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes