Klart for allsidig reformasjonsdag i Volda

Reformasjon i kultur, song og kunnskap er hovedpunkta når reformasjonsdagen i Volda blir arrangert laurdag 21. oktober. Få med deg salmefest og reformasjonskonsert i Volda kyrkje samt reformasjonsfagdag ved høgskulen!

Mozarts symfoni nr. 40 i G-moll med Høgskulekoret og symfoniorkesteret under leiing av Magnar Åm kan du oppleve i Volda kyrkje på laurdagskvelden (kl. 19). Solist er Karina Holkestad og ved sida av symfonien kan du også lytte til komposisjonar av Magnar Åm.

Tidlegare på dagen (kl. 12) kan du vere med på LutherSong i Volda kyrkje, i ei god blanding av gamle og kjende salmar og nye omsetjingar og tonar.

Kl. 13 – 18 blir det reformasjonsfagdag ved Høgskulen, der Kjartan Leer Salvesen og Ralph Meier vil ta føre seg ”Nåde hjå Luther og i populærkulturen”. Per Halse vil snakke om luthersk trusopplæring og Willem Vogelaar presenterer trusopplæringsverket «Martins vidundelige verden». Under temaet ”Klang av tru” vil Jan Ove Ulstein, Rose Iren Stave og Anna Myklebust gje ei innføring om luthersk salmetradisjon og det blir delt erfaringar om bruk av salmar i gudstenestefeiring og trusopplæring.

Les meir om reformasjonsfagdagen ved Høgskulen i Volda

Reformasjonsfagdagen har påmelding. Fagdagen omfattar lunsj og middag. Deltakaravgifta er kr. 250,-. Avgifta blir betalt ved inngangen. 

Du kan lese meir om reformasjonsdagen i Volda og andre reformasjonsarrangement på Møre bispedøme sine nettsider.

Reformasjonsdagen i Volda føyer seg inn i rekka av reformasjonsarrangement denne hausten. Dette er del av ei brei internasjonale markering av at det er 500 år sidan Martin Luther innleia reformasjonen.

 

Arrangør for reformasjonsdagen i Volda er Møre bispedømeråd i samarbeid med Høgskulen i Volda og Volda kyrkje.

 

Har du spørsmål knytt til arrangementa i Volda kan du kontakte leiar kyrkjeliv i Møre bispedøme, Arvid Helle -
mobil: 412 16 956 - e-post: ah274@kyrkja.no

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes