Kyrkja i samfunnet - temadag i Molde domkirke

Møre bispedømmes 35-årsmarkering og biskop Ingeborg Midttømmes 10 år i Møre blir markert fredag 21. september med temadagen KYRKJA I SAMFUNNET. Musikk, teater, litteratur, biletkunst og seminar/panelsamtale er mellom programpostane.

Møre bispedømmes 35-årsmarkering og biskop Ingeborg Midttømmes 10 første år i Møre blir markert med temadag fredag 21. september.

Sjå arrangementet Kyrkja i samfunnet på Facebook

– Når eg ser tilbake på dei ti åra eg har vore i Møre tenkjer eg med glede tilbake på alle dei rike opplevingane og alle dei gode møta med menneske eg har fått. Kanskje kan denne temadagen i nestekjærleikens teikn vere ei god oppsummering av denne tida, seier biskopen (bildet t.h.) - som gler seg til både fagleg seminar og festkonsert - og ikkje minst å få møte folk.  

 

Foredrag og panelsamtale
Arrangementet tek til i Molde domkirke kl. 13, med hovudforedrag ved professor Jørn Øyrehagen Sunde under tittelen Nestekjærleik. Foredraget blir følgt opp av ein panelsamtale om kyrkja sitt samfunnsansvar, med preses Helga Haugland Byfuglien, ordførar Ingunn Golmen i Aure, ass.gen.sekr. Johannes Heggland i Kirkens Bymisjon og ass. fylkesmann Rigmor Brøste. 

         

MEDVERKAR: Frå v.: Professor Jørn Ø. Sunde, forfattar Marit Kaldhol, preses Helga Haugland Byfuglien
og biskop Ingeborg Midttømme er mellom dei medverkande under temadagen.

 

Kunstpause
Frå kl. 15.30 blir det ei Kunstpause. Deltakarane har høve til å sjå utstillinga Momento Mori i det gamle kapellet på Nedre kirkegård (Parkvegen).Utstillinga er open 16 - 18. Ein kan også bli betre kjent med arbeida til biletkunstnaren Kalla Skrøvseth. Kunstnaren frå Surnadal arbeidde under mottoet "Av Guds nåde, til Guds ære". Utstillinga vil vere i lokale til Kunstnarfellesskapen Sirkel 4 i Sandvegen 4 i Molde og opnar klokka 17.00.

   

KUNST: Kalla Skrøvseth sitt arbeid "Søstre" og t.h. Skrøvseth i arbeid
med ei utsmykking omkring 1980 (frå boka "Kalla Skrøvseth - Liv og Kunst") 

 

Festframsyning
Kl. 18 blir det festframsyning i Molde domkirke under tittelen Kultur i Kyrkja. Medverkande der er m.a. elevar frå Molde kulturskule, Spjelkavik kyrkjekor, Teateret Vårt med utdrag frå teaterstykket «Mio, min Mio», Arne Torvik trio frå Jazzfestivalen og forfattaren Marit Kaldhol.

      

MUSIKK: Saksofonisten Tore Ljøkjel spelar frå kyrkjetårnet og under seminardelen, medan jazzpianisten Arne Torvik og Spjelkavik kyrkjekor er mellom dei medverkande under festframsyninga.

Saksofonisten Tore Ljøkjel rammar det heile inn med saksofonmusikk, spelar frå kyrkjetårnet og inne i domkyrkja under seminardelen.

Arrangementa i Molde domkirke er opne for alle og gratis. Det blir høve til å gje ei gåve til Kirkens bymisjon.

Siktemålet med temadagen er å peike på kyrkja sitt viktige samfunnsoppdrag og korleis kyrkja arbeider saman med mange samfunnsaktørar om sentrale oppgåver og utfordringar. 

 

– Samarbeid viktig

      

SAMARBEID: Festivalsjef i Moldejazz, Hans-Olav Solli (t.v.), teatersjef Thomas Bjørnager og kulturskulerektor Ingvild Aas meiner samarbeidet med kyrkja er viktig.

– Samarbeidet med kyrkja er viktig for oss, seier kulturskulerektor i Molde, Ingvild Aas. Ho viser til at kulturskulen sin visjon er "Kulturskole for alle". Då er også kyrkjerommet ein fin arena for oss, og ein stad der folk tek godt imot oss, seier Aas.

– Den norske kyrkja og dei statlege kulturinstitusjonane har eit særleg ansvar for rekkje hand ut til dei svake og fattigaste. Dei som ikkje har det nødvendige støtteapparatet rundt seg for å kunne blomstre og rette ryggen og bli sjølvsikre deltakarar i ein felleskap. Med biskopens engasjement for born som må vekse opp utan dette støtteapparatet, blei det naturleg for Teatret Vårt å bidra til kulturgudstenesta med eit utdrag frå framsyninga "Mio min Mio», seier teatersjef Thomas Bjørnager.

– Moldejazz og Molde Domkirke er naturlege samarbeidspartnarar med utgangspunkt i at jazz og religiøs musikk i form av blues og gospel musikkhistorisk høyrer saman. For mange er Domkirka den viktigaste arenaen under Moldejazz, og dei siste åra har festivalen vore veldig opptatt av å ta dette publikumet på alvor, med eit program som reflekterer det historiske samhøyret. Samarbeidet har stor verdi for Moldejazz, og det er styrkt ved at biskop Ingeborg Midttømme de seinare åra har vore festivalens konferansier i Domkirka, seier festivalsjef Hans-Olav Solli.
 

Sjå arrangementet Kyrkja i samfunnet på Facebook

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"