Strategisk plattform for kyrkja sine unge

Måndag 19.november var kristne barne- og ungdomsorganisasjonar i Møre bispedøme invitert til eit møte for å snakke om vegen vidare for den strategiske plattformen.

Frå venstre: Hans Orset (Søndagsskolen Nordmøre krets), Kari Mette Sylte ( Søndagasskolen Romsdal krets), Eli Sofie Hatlen (Søndagsskolen Sunnmøre og Nordfjord krins), Biskop Ingeborg Midttømme, Arvid Helle (Avd,leiar kyrkjelivsavdeling bispedømekontor), Gunnhild Bremer (NMSU), Catherin Bradley Hessen (KFUK-KFUM, Møre og Romsdal), Bente Wangensteen (Rådgjevar for undervisning, bispedømekontor, Inger Marie Jakobsen Sylte (Rådgjevar for ungdom, bispedømekontor)

10.januar 2018 underterteikna dei fleste organsisasjonene i SBU (Samarbeidsråd for barne- og ungdomsarbeid) ein plattform for forpliktande samhandling om Den norske kyrkjes barne- og ungdomsarbeid. Med dette som bakgrunn, ønskjer Møre bispedøme å få til ein fast møtestad for dei ulike kristne organsisasjonane som er tilknytta denne plattformen. Målet er å finne ulike måter å samarbeide på som er med å gjere det kristne barne- og ungdomsarbeidet enda meir synleg.

Det kristne arbeidet som barne- og ungdomsorganisasjonane driv er ein viktig stad for forming av barn og unge si tru. Dei driv eit kontinuerleg arbeid som er ein viktig grunnmur for mykje av det punktvise arbeidet i kyrkjelydane si trusopplæringsplan. 

Den strategiske plattformen vil fortsetje sine møter i 2019.

Ved å snakke høgt saman kan vi i fellesskap løfte opp det kristne arbeidet som finst i kvart sokn.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"