Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bli med kystpilegrimen gjennom Møre

Kystpilegrimsskuta Risør II sigla i juni gjennom Møre bispedøme. Skuta var innom pilegrimsstadane Herøy, Giske og Borgund, Veøya, Kvernes og Edøya. Jonsokaftan kom skuta fram til Edøya, der den offisielle opninga av Kystpilegrimsleia vart foretatt. Følg kystpilegrimen på reisa gjennom Møre!

Sjå fotogalleri av Kystpilegrimsiglasen gjennom Møre

Overalt under pilegrimsreisa vart mannskap og skute godt mottekne og markeringar vart haldne i kyrkjer og ved andre kulturminnestader. I skiftande vër sigla skuta gjennom bispedømet, og fleire vart med på lokale siglasar.

På Edøya vart Kystpilegrimsleia offisielt opna av preses i Den norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien. No er Kystpilegrimsleia offisielt ein del av Olavsledene, og kyrkjelydar og lokale komitear er klare til å motta alle pilegrimar som vel kysten som reisemåte til Nidaros.

Kystpilegrimsskuta la til ved Herøy kystmuseum måndag kveld 18. juni. Der var det offisiell markering av Herøy som pilegrims-nøkkelstad i Møre, det var framsyningar av delar av spelet "Kongens ring" og uformelt samvêr. Arrangementet i Herøy var eit samarbeid mellom Herøy kyrkje og Herøy kommune.

 

Giske og Borgund

I blæsten sigla Pilegrimsskuta om kvelden vidare mot Giske, men i sommarstormen fann skuta best hamn i Brosundet i Ålesund. Utan pilegrimsskute og Borgundknarr fann følgje neste dag, 19. juni, likevel fram til Giske kyrkje.

Der var det først kvardagsgudsteneste med pilegrimsliturgi og omvising i mellomalderkyrkja. Etterpå var det rømmegraut og spekemat i gildehallen ved spelestaden til Giskespelet. Der var også historiske orienteringar ved Arne Tunheim.

Ferda gjekk vidare til Borgund. Både Borgund kyrkje og Middelaldermuseet er peika ut som nøkkelstad langs kystpilegrimsleia, og etter vandring i kyrkja, blei det servert bacalao i middelaldermuseet. Borgund var mellomalderkaupangen på Sunnmøre. 

Frå Borgund gjekk turen 20. juni inn Romsdalsfjorden, til Veøya, der det var tidebønsgudsteneste og omvisning i prestegarden, kyrkja og kaupangen. Nokre pilegrimar sigla med skuta frå Veøya og ut til Molde, der skuta hadde natthamn.

Frå Veøya sigla pilegrimsskuta torsdag 21. juni vidare mot Kvernes, der det var arrangment i stavkyrkja med kvardagsandakt og musikalsk innslag. Det var også smakebitar frå eit spel om stavkyrkja, vandring ved mellomalderkyrkja og i Gamle Kvernes bygdemuseum, servering av rømmegraut m.m.

På Jonsokaftan, 23. juni, sigla skuta vidare til Edøya på Smøla, der det var offisiell opning av Kystpilegrimsleia ved preses, biskop Helga Haugland Byfuglien, presentasjon av «Frå viking til pilegrim», vandring til Kulisteinen m.m.  Mange deltok på markeringa i skikkeleg vestlandsvêr.

 

 Sjå fotogalleri av Kystpilegrimsiglasen gjennom Møre

Kystpilegrimsleia blei godkjent som ein del av St.Olavsledene i desember 2017. Alle som vil følgje Risør II gjennom bispedømet er velkomne til å delta på dei ulike arrangementa på pilegrimsstadane.

 

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes