Markanytt gir nytt håp i Thailand

Gjennom sal av sin eigen publikasjon "Markanytt" har Eirik Stave (12) frå Ørsta på sju årgangar av bladet samla inn 174.156 kroner til Det Norske Misjonsselskap (NMS) sitt arbeid i Thailand.

Eirik Stave i Ørsta har gjennom sju årgangar av sitt eigenproduserte blad "Markanytt" samla inn nær 175.000 kroner til Det norske Misjonsselskap sitt arbeid i Thailand.

 

Seinast sist helg var han i full sving med å selje bladet under Ørsta kyrkjelyd si misjonmesse i Ørsta kulturhus. Til messa kunne kan etter årets sal levere eit beløp på 32.486,- til misjonsarbeidet. 

 Opp gjennom åra har Eirik brukt veldig mange timar både på å lage avisa og på å gå rundt å selje den. Det begynte då han var 6 år. No er det nr. 7 og sjuande årgang.

 – Eg har lurt på om han ikkje vil slutte snart, men han vil visst ikkje gi seg på det. Det kan vere slitsamt både å lage avis og fare rundt å selje etterpå, seier far Knut Stave.

 – Eg har alltid syntes det har vore kjekt å lage avisa, sjå korleis den tek seg ut i ferdig trykk. Og så er eg veldig glad for at inntektene av salet kan gå til eit så vikitig prosjekt som NMS sitt arbeid i Thailand, seier Eirik.

 – Når du ser kor mange menneske som blir hjelpt føler du at det er verd innsatsen, seier han.

 – Eg synest også vi har det veldig kjekt når vi går rundt og sel bladet. Vi blir kjende med mange ulike personar og eg trur det er mange som set pris på at vi kjem. Det blir mang ein koseleg prat, i alle fall, seier Eirik! Det var ei som sa noko slikt som at det blir ikkje jul før eg får Markanytt, smiler Eirik.

 I nyaste utgåva finn du ein stor reportasje frå NMS sitt arbeid i Thailand, interessante bokmeldingar, ei fyldig samling av gode vitsar, spennande oppskrifter, kvardagstips, kryssord mm.

 Markanytt har eit opplag på omkring 500 og kjem ut årleg utpå hausten. Markanytt får du kjøpt for 50,- kroner, og du kan  betale anten via kontornr. eller Vipps. Om du vil bestille nokon av avisene kan du sende ein SMS til 401 91 903 med namn og adresse eller e-post. Skriv også om du vil ha avisa på papir eller digitalt.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"