Jubileum med samarbeidspartnarar

Breidda i Møre bispedøme sitt samfunnsengasjement blei gjort tydeleg då bispedømet markerte 35 år og biskop Ingeborg 10 år i Møre med seminar og kulturkveld i Molde domkirke.

Professor Jørn Ø. Sunde (t.v.) heldt foredrag for forsamlinga under temaet Nestekjærleik. Etter foredraget følgte innleiingar frå (frå v.) ass. fylkesmann Rigmor Brøste, ass.gen.sekr. Johannes Heggland i Kirkens Bymisjon, Aure-ordførar Ingunn Golmen og preses i Den norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien.

Sjå video og fotos frå jubileumsmarkeringa på Møre bispedøme si Facebook-side

Moldejazz, Bjørnsonfestivalen, Teatret Vårt, kulturskulen, Spjelkavik kyrkjekor og forfattaren Marit Kaldhol var nokre av dei medverkande under den mangfaldige kulturkvelden i Molde domkirke. Der fekk forsamlinga også vere med på å syngje Blix-salmen "Med Jesus vil eg fara" til tre av dei salmetonane som gjennom tidene har vore brukt til denne salmen her i området.

Spjelkavik kyrkjekor under dirigent Ola Eide deltok med songar fra musikkspelet «Sommerens Maria».

Tidlegare på dagen var det foredrag og panelsamtale kring temaet ´Kyrkja sitt samfunnsansvar´.  Bispedømerådsleiar Ann- Kristin Sørvik viste til at Møre bispedøme sit med Noregs dåpsattest og at åndsarven i Møre bispedømme kjem frå dei eldste og viktigaste røtene for kristen tru her i landet.

Professor Jørn Ø. Sunde ved Universitetet i Bergen tok føre seg kyrkja si rolle i ulike tidsepokar i norsk historie, peika på hendingar og utviklingstrekk og korleis omsorg for nesten har vore eit vedvarande trekk ved det kyrkjelege engasjementet. Han meinte at denne omsorga for medmenneske - nesten - er ei stor utfordring for kyrkja i vår teknologiserte og de-personifiserande tidsalder.

 

Panelsamtale
Under panelsamtalen kom innleiarane inn på omgrepet ´utanforskap´; kva dette inneber i dag og korleis kyrkja kan vere ei relevant stemme og ein aktiv deltakar i omsorga for alle.

 

Salmetonar
Ved visse tider under jubileumsdagen spela saksofonisten Tore Ljøkjel (bildet) salmetonar, frå kyrkjetårnet og inne i domkyrkja. Deltakarane kunne også sjå utstillinga Momento Mori i det gamle kapellet på Nedre kirkegård, og bli betre kjent med arbeida til biletkunstnaren Kalla Skrøvseth frå Surnadal, som arbeidde under mottoet "Av Guds nåde, til Guds ære".

 

 

Sjå video og fotos frå jubileumsmarkeringa på Møre bispedøme si Facebook-side

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"