Sterkt engasjement då ny orgelklubb i Møre starta opp

9 unge organistar frå nordre og austre Sunnmøre var med då den nye orgelklubben i Møre bispedøme starta opp med samling i Sykkylven på nyåret. Som avslutning på øvingshelga medverka dei unge orgel-aspirantane under gudstenesta i Ikornnes kyrkje.

Ivrige orgel-aspirantar kosa seg ved tangentane då den nye orgelklubben i Møre på nyåret hadde første samlingshelg i Sykkylven. Utover våren står samlingar i Geiranger, Molde og Ålesund for tur.

– Vi spela mykje orgel, dissekerte orgel, var litt nerdete, spela cembalo, høyrde på kvarandre, lærte ein heil del og alle fekk nye vener. Organistane var forskjellige både i alder og erfaring, og det var artig å bli kjend med dei, fortel Gunnar Inge Eide, som saman med Olav Arne Steinkopf og Rose Iren Stave var instruktørar.

 

– Vi som var leiarar hadde sett som mål at dei unge skulle spele til gudsteneste i Ikornnes kyrkje på søndag. Litt spenstig kanskje sidan enkelte av deltakarane aldri hadde spelt tangentinstrument, men ungdom klarer det meste! Dei spelte til alle salmar, fleire liturgiske ledd og bidrog også med fin instrumentalmusikk, fortel Eide. 

 

– Olav Arne Steinkopf hadde laga eit spenstig arrangement på "Rydd vei for Herrens komme", for fire organistar/pianistar, xylofon og slagverk. Spontan applaus frå kyrkjelyden! Det var også veldig kjekt å vere saman med dei over 30 dirigentkursdeltakarane frå Ung Kyrkjesong, som hadde samling parallelt med oss.

 

 

Fleire samlingar

Initiativtakarar til orgelklubben er Gunnar Inge Eide, kantor i Storfjorden kyrkjelege fellesråd og Rose Iren Stave, kantor i Sykkylven. Arrangør er Ung kyrkjesong Møre.


Planen er å legge til rette for fire samlingar i året. Lengda på samlingane vil variere frå ein til tre dagar. 

 

Første samling var altså i Sykkylven, deretter blir det samlingar i Hellesylt/Geiranger i april, Molde i august/september og Ålesund i november 2018. 

 

På første samlinga i Sykkylven var kantor Robert Coates m.fl. instruktørar. 

 

Kontakt Rose Iren Stave, tlf 915 10 045, eller Gunnar Inge Eide, tlf 930 49 185 om spørsmål knytt til orgelklubben. Epost: kantor.geiranger@storfjorden.kyrkja.no

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"