Nytt bispedømeråd samla

Det nye bispedømerådet i Møre (2020-2024) er no konstituert. Rådet vil tre i funksjon frå årsskiftet.

Det nye bispedømerådet 2020 - 2024: Bak frå v.: Frode Rabbevåg, Olav Myklebust, Ole Martin Grevstad, Arne Moltubak, Rikke Elisabeth Grevstad Kopperstad, Olav Rønneberg.  Framme frå v.: Ingeborg Midttømme, Ann-Kristin Sørvik, Monika Tettli, Therese Kristin Utgård.

I det konstituerande møtet valde rådet Ann Kristin Sørvik til leiar og Ole Martin Grevstad som nestleiar.

Sju av medlemene i rådet er dei same som i førre periode, medan tre er nye. Det nye rådet vil ha medlemer frå tre vallister; Nominasjonskomiteens liste, Åpen folkekirke samt Bønnelista. I tillegg sit valde tilsetterepresentantar samt biskopen i rådet.

Nyvalt leiar i rådet, Ann Kristin Sørvik, peikar på desse områda som viktige i det vidare arbeidet:

  • Rekruttere medarbeidarar til kyrkja, slik at vi kan være nær der folk bur. Det er viktig at kyrkja oppsøkjer dei unge og er ein samtalepart for desse.

  • Vere synleg og deltakande på digitale plattformar. Unge i dag oppsøkjer i liten grad faste kontor, derfor er det viktig at t.d. innmelding til dåp kan gjerast på dei unge sin måte.

  • Sjå til at Møre får behalde den store delen av nyfødde som blir døypte.

  • Folk flest bur i ein kommune; derfor er det viktig at kyrkja i Møre har eit godt forhold til sokna som kyrkjeeigarar, og at den lokale kyrkja er til stades på ein open og inkluderande måte for alle innbyggjarar.

  • Vere bevisst på at kyrkja er ein stor og viktig forvaltar og formidlar av kulturskattar, der salmar og kyrkjemusikk er berebjelkar.

 

Les meir om bispedømerådet 2020 - 2024

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"