Viktig fellessamling om kyrkjeendringar

Nyttig kunnskap om ny lov om trus- og livssynssamfunn vart delt då tilsette i kyrkja i Møre onsdag kom saman til informasjonsmøte og meiningsutveksling.

Høyringsutkastet til ny lov om trus- og livssynssamfunn trekkjer opp hovudlinjene for kyrkja sitt framtidige tilhøve til staten. På same tid er høyringsdokumentet viktig når det gjeld den kyrkjelege organiseringa etter 2020. Under informasjonsmøtet som Møre bispedøme arrangerte var ulike tilsettegrupper representert, og samtalen gjekk livleg kring kva lovendringene vil ha å seie for den lokale kyrkja. Rundt bordet frå v.: biskop Ingeborg Midttømme; prost Leif Endre Grutle i Indre Nordmøre, stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug og leiar for kyrkjeverjelaget i Møre, Turid Urkedal Valderhaug.

Korleis blir organiseringa og ansvarsdelinga mellom den lokale kyrkja (sokna), den regionale kyrkja (bispedøme og prosti) og den nasjonale kyrkja (Kyrkjemøtet og kyrkjerådet)? Dette var eitt av dei sentrale spørsmåla under informasjonsmøtet. Spørsmålet handlar om kva rolle og mynde sokneråda, fellesråda og kommunane skal ha i høve til den regionale kyrkja, korleis prostia vil vere organisert i framtida og kva rolle bispedømerådet vil ha. Lovendringane legg opp til at kyrkja skal styre sitt eige hus, og dette kan gje endringar i organiseringa, frå Kyrkjerådet og ut til den lokale kyrkja og den einskilde kyrkjemedlem sitt tilhøve til den.

Mange stiller spørsmål ved kva lovendringa kan ha å seie, og alle kan framleis melde inn si meining om lovutkastet. Høyringsfrist er 31. desember!

Kyrkjeavdelinga i kulturdepartementet har no framlegget til ny lov om trus- og livssynssamfunn ute på ei brei høyring, der ei rad høyringsinstansar er inviterte til å svare. I prinsippet har alle borgarar i landet høve til å melde inn si meining til utkastet.

Høyringsutkastet inngår i regjeringa sitt arbeidet med ein heilskapleg trus- og livssynspolitikk, og styremaktene ønskjer å få så mange som råd med på samtalen om dette.

Høyringsdokumentet Lov om trus- og livssynssamfunn har høyringsfrist 31.12.17. Stortinget skal deretter vedta lova. Det vil også kome ei eiga stortingsmelding.

 

Innleiarar

Under informasjonsmøtet i Møre var det innleiingar frå seniorrådgivar Per Otto Gullaksen i kyrkjeavdelinga i kulturdepartementet, direktør Marit Halvorsen Hougsnes i Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon (KA) og avdelingsdirektør Ole Inge Bekkelund frå Kyrkjerådet. I forsamlinga på omkring 70 personar var samla leiarar av sokneråd, fellesråd, kyrkjeverjer, prostar og representantar frå bispedømerådet.

 

 INNLEIARAR: Frå v. seniorrådgivar Per Otto Gullaksen i kyrkjeavdelinga i kulturdepartementet, direktør Marit Halvorsen Hougsnes i Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon (KA) og avdelingsdirektør Ole Inge Bekkelund frå Kyrkjerådet innleia under informasjonsmøtet for kyrkjelege tilsette i Møre.

 

– Kvalitetssikring

– Høyringsprosessen er eit gedigent kvalitetssikringsarbeid, der alle innspel blir gjennomgått, seier seniorrådgivar Per Otto Gullaksen i kyrkjeavdelinga i kulturdepartementet. Han opplyser at den nye lova om trus- og livssynssamfunn inneheld 9 paragrafar og erstattar tre andre lover på tilsaman 80 pararagrafar. – Det handlar og forenkling og likebehandling og ei tilpassing til dagens situasjon på samfunnsområdet, der det i dag er 750 registrerte trus- og livssynssamfunn. Det skal ikkje stå meir i lovverket for området enn det som må stå, seier Gullaksen.

Lovforslaget har eit eige kapittel om Den norske kyrkja (kapittel 3), der den offentlege finansieringa blir foreslått som eit rammetilskot til kyrkja. Lovutkastet slår fast at soknet skal halde fram å vere eit juridisk subjekt, men seier ikkje mykje meir om kyrkja si organisering, med utgangspunktet i at dette må vere Kyrkjemøtet sitt ansvar.

 

– Lovfeste lokale organ

KA rår til at soknet sine organ; soknerådet og det kyrkjelege fellesrådet blir lovfesta og dermed eit rettsleg grunnlag, sa Marit Halvorsen Hougsnes i KA. KA ønskjer seg eit framleis delt finansieringsansvar mellom stat og kommune og fryktar at lovutkastet endrar den kyrkjelege balansen lokalt - nasjonalt. – Kyrkja sjølv må først utgreie sitt tilhøve til sokna før lova seier noko om dette, meiner Halvorsen Hougsnes. KA er også kritiske til at høyringsutkastet seier lite om kyrkja sine ulike formål og peikar særleg på at kyrkjebyggforvaltninga må sikrast lokalt. I dag har kyrkjebyggforvaltninga eit økonomisk etterslep nasjonalt på 2,1 milliardar kroner. KA skal behandle høyringsutkastet til ny lov om trus- og livssynssamfunn på sitt styremøte 6. desember.

 

– Styre eige hus

Kyrkjerådet er i all hovedsak samd i lovframlegget, og helsar velkomen at staten no lar kyrkja styre sitt eige hus, sier Ole Inge Bekkelund i Kyrkjerådet. Han meiner det no må bli opp til kyrkjemøtet å vurdere om det blir staten eller kommunane som skal ha finansiseringsansvaret for kyrkjene lokalt. Når lova er vedteken må Kyrkjerådet ut med eiga høyring i den kyrkjelege organisasjonen om korleis den nye kyrkjeordninga skal vere, seier han. Bekkelund seier Kyrkjerådet truleg vil foreslå at sokneråda får ei sterkare rolle enn i dag. Kyrkjerådet skal vedta høyringssvaret i møte 7. - 8. desember.

 

Soknet

Ved spørsmålsrunden til sist under informasjonsmøtet og i samtalane under pausene var mange opptekne av soknet si rolle og mynde med den nye lovbestemminga: Blir soknet styrkt eller svekt? Kva med kyrkjeleg fellesråd si rolle?Kva oppgåver og ansvar vil ligge lokalt også i framtida - og kan det bli stor endringar på dette feltet i høve til prosti og bispedømeråd?

PANEL: Dei tre innleiarane svara på spørsmål frå salen kring tema ny lov om trus- og livssynssamfunn.

 

– God bakgrunnsinformasjon

– Utgreiinga frå departementet var veldig grei å få med seg. Det gir ein god bakgrunnsinformasjon i korleis dei resonnerer. Samtidig er det lettare for oss som skal svare på høyringa å sjå kva departementet ikkje vil blande seg i av kyrkja sine saker og lover, seier leiar av kyrkjeverjelaget i Møre, Turid Urkedal Valderhaug.

– KA peika på arbeidsgivarforholdet til dei mange tilsette i dei lokale kyrkjelydane som kan gå ei usikker tid i møte; soknet er ikkje tillagt noko oppdrag i lovutkastet. I dag seier kyrkjelova i § 9 at soknerådet skal «vekke og nære det kristelige livet i soknet..osv». Den lovparagrafen skal bort. Fellesrådet som er arbeidsgivar til dei lokalt tilsette er ikkje nemnt i det heile tatt. Fellesrådet har også eit svært konkret og detaljert oppdrag i §14 i kyrkjelova, som peikar på rettar og plikter for fellesrådet. Forholdet til kommunen er også svært lovregulert. Dette er paragrafer som gir oss rettar og plikter som er gode å ha når vi skal forvalte menneskelege ressursar, kyrkjebygg og gravplassar, seier Urkedal Valderhaug. Ho meiner kyrkjerådet er veldig vage i sine uttaler, men hadde ei overraskande melding om at prostetenesta skal bort. 

– Eg tenkjer det er viktig å behalde mest mogleg av kyrkjeleg organisasjon lokalt. Vi treng lokale kyrkjelydar som har ansvar for si lokale kyrkje og som er berekraftige. Etter mi meining er det viktig at ressursane blir brukt lokalt for det er der kyrkja er midt mellom folk. Å ha ei topptung kyrkje vil ta engasjementet bort frå dei lokale kyrkjelydane. Vi treng lokalt engasjement og då må den lokale kyrkja få være med å bestemme lokalt. Eg trur dette er livsviktig for sokna. 

– Noko samanslåing av sokn er sikkert lurt, og det same med fellesråd. Prostia trur eg allereie er utdaterte, fordi det er kommunesamanslåingar mange stader som går på kryss og tvers av prostia. Dessutan synes eg det er viktig at bispedømmet ikkje blir eit nytt «departement», der det skal dobbeltrapporterast om alle mulige stillingar, seier leiar i kyrkjeverjelaget, Turid Urkedal Valderhaug.

 

– Folkekyrkje

– Det var nyttig å høyre frå departementet at folkekyrkjeoppdraget slik det er formulert i Grunnlova gjev dekning for å særhandsame kyrkja til ein viss grad, andsynes andre trus- og livssynssamfunn, og dette er ein viktig grunn til at kyrkja har fått eige kapittel i framlegget til ny lov. Samstundes var det interessant å få poengtert at departementet med sitt relativt beskjedne framlegg har svart på bestillinga frå kyrkjedemokratiet om å få ein kortfatta rammelov, seier Leif Endre Grutle, som er prost i Indre Nordmøre prosti.

Prosten ventar ikkje at den nye lova vil gje store konsekvensar på kort sikt: – Eg trur det vil vere interesse for å bevare mest mogeleg av den kyrkjelege organiseringa uendra, og kjem det endringar trur eg ikkje desse vil vere særleg merkbare i kyrkjelydslivet eller hos einskildmedlemmer. Først når kyrkja får lite ressursar vil ein bli tvinga til å sjå på organisasjonsmodellar som utnytta ressursane meir effektivt, seier prost Grutle.

 

– Kvalitetssikrar

– Det viktige med møtet var at vi fikk vere saman og høyre det same om dei overordna problemstillingane. Vi blei kjende med kvar det ligger reell usemje mot departementets forslag og at usemje er av det gode ved at det kvalitetssikrar og opplyser det vidare arbeidet med lova, seier biskop Ingeborg Midttømme. 

– Dette blir ei rammelov og handlar ikkje om kyrkjeordning, men den vil gjere Kyrkjemøtet myndig til å vedta ny kyrkjeordning. Det opnar for fleksibilitet ut frå omsynet til kyrkja sitt behov. Det er godt for heile Den norske kyrkja. Det beste som kan skje vidare er at kyrkja får enda større fokus på å vere ei opa, inkluderande, tenande og kjennende evangelisk-luthersk folkekyrkje, seier biskopen.

– Viktig informasjonsmøte

Det viktigaste med informasjonsmøtet var at dei ulike kyrkjelege instansane i Møre fikk høve til å få den samme informasjonen og at vi som høyringsinstanser får eit godt grunnlag til å seie kva vi meiner om lovforslaget, seier stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug. Han meiner ny lov om trus- og livssynssamfunn og ny kyrkjeordning vil legge grunnlaget for vidare engasjement og synlegheit for kyrkjene og kyrkjelydane i lokalsamfunna i Møre.  Det kyrkjelege arbeidet som foregår lokalt må fortsatt vere det viktigaste. Vi må sjå til at ikkje arbeid med økonomi og organisering tek merksemda vekk frå dette, seier stiftsdirektøren.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"