Omsorgsprisen til diakonalt samhandlingsprosjekt

Åndeleg og eksistensiell omsorg for døyande pasientar har vore eit sentralt moment i samarbeidsprosjektet mellom Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd og Surnadal kommune; "Samhandling på siste vakt". No har prosjektet fått Omsorgsprisen 2017.

Hovudmålsettinga for prosjektet Samhandling på siste vakt har vore å sikre heilskapleg omsorg for alvorleg sjuke og døyande. I informasjonen frå prosjektet heiter det at kyrkja er ein ressurs i samhandling med kommunane for å skape heilskapleg omsorg.

Ideen til prosjektet vart skapt i 2013, då biskop Ingeborg Midttømme og den lokale kyrkja møtte kommuneleiinga i samband med bispevisitas. Med tida vart dette til eit forpliktande gjensidig samarbeid mellom den lokale kyrkja og den kommunale pleie- og omsorgstenesta. Siktemålet har heile tida vore å skape eit heilskapleg pasientforløp i omsorga for alvorleg sjuke og døyande, med særleg merksemd på åndelege og eksistensielle behov.

Diakon Kirsti Hjørnevik i Surnadal har vore sentral i prosjektet, og har i prosjektperioden m.a. leia refleksjonsgrupper på sjukeheimen og ved heimetenesta. Slik har ein lukkast med med å senke terskelen for å ta kontakt med kyrkja og fleire har blitt bevisste si rolle og sitt ansvar i eigen arbeidskvardag i å ta vare på pasientar sine åndelege og eksistensielle behov.

 

– Tryggare

– Å ta opp åndelege og eksistensielle tema med pasientane har vore vanskeleg for mange tilsette i institusjonane, seier diakon Kirsti Elise Hjørnevik. – Å ta kontakt med presten har vore noko ein gjorde kun dersom pasientenane sjølv spurde eller tilsette vurderte dei til å vere så sjuke at presten kanskje kunne lyse velsignelsen før dei døydde - dersom presten var ledig…

– Som sjukepleiar med lang erfaring har eg mange gonger opplevd å bli sendt inn til ålvorleg sjuke og døyande pasienter, fordi personalet visste at eg hadde ei personleg kristen tru. Det var lettare å bruke meg i denne tenesta – sjølv om eg var bunde av mine profesjonskrav når det gjeld å vere «nøytral». I mange år har eg tenkt at pasientar på den måten blir behandla ulikt – dei får ikkje same tilbodet om å bli møtt på sine åndelege og eksistensielle behov dersom det kun skal skje når ein truende sjukepleiar er på vakt.

– I arbeidet med dette prosjektet har vi tatt utgangspunkt i pasienten sin rett til å utøve si tru og å bli møtt på åndelege/eksistensielle behov. Gjennom systematisk refleksjonsarbeid og systemarbeid har vi prøvd å gjere personalet tryggare på å ta opp slike tema med pasientane medan dei enno er i stand til å gjere greie for sine behov.

– Spørjeundersøkingane våre viser at vi har lukkast med å senke terskelen for å ta kontakt med kyrkja. På dette feltet vi har auka kompetansen hos personalet i møte med pasientane. Fleire tilsette ser på det å møte pasientar på deira åndelege og eksistensielle behov som sitt ansvarsområde, ved sida av at dei skal dekkje pasientane sine fysiske, psykiske og sosiale behov.

– Heftet Tru og Håp, som er ei samling ord til trøyst og livsmot, har vi delt ut både til institusjon og heimetenesta som et verktøy for pårørende og personale når ein opplever å kome til kort med bøner og songer, seier diakon Kirsti Elise Hjørnevik.

 

- Viktig

– Slik eg ser det er prosjektet viktig for kyrkja av mange grunnar, seier sjukehusprest Håvard Ervik:

- det gir kyrkjelydar/kyrkja mogelegheit til å utforme ein heilskapleg plan for å ta i vare åndelege og eksistensielle behov i institusjonar.

- det gir gjensidig kompetanseoverføring mellom institusjon og kyrkje kring slik omsorg.

- gjennom mange år har det vore stort fokus på trusopplæring for barn og ungdom. Prosjektet i Surnadal viser at brukarar av kommunal helsehjelp treng auka merksemd for at åndelege og eksistensielle behov blir tekne i vare. 

 

Omsorgsprisen 

Fylkesmannen har no gjeve Omsorgsprisen 2017 til dette prosjektet, og seier i grunngjevinga m.a. dette:

Årets prisvinnar har arbeid systematisk i eigen kommune med oppfølging, med tilpassingar på systemnivå, og med høg fokus på brukarmedverknad. Kommunen har arbeidd med standardisering og for å nytte pasientforløp i kartlegging av brukarane sine behov. Samhandlingsreforma utfordrar kommunane til å tenke nytt og kreativt for å dekke innbyggarane sine behov. Prisvinnaren har utvikla ein basiskunnskap for at tilsette skal få ein felles forståing, at ein skal inkludere og ansvarleggjere alle tilsette for oppfølging, i samtalar og bruk av sjekklister. Kommunen har i dette høve tilpassa malar til bruk i medarbeidarsamtale, slik at leiar følgjer opp utfordringar tilsette måtte ha på feltet. 

Kommunen har nytta HPH (Helhetlig pasientforløp i hjemmet) som arbeidsmetodikk. Gjennom prosjektet ønsker kommunen å utvikle HPH slik at pasientforløp, uavhengig av diagnose, og andre tiltak skal ivareta: - betre livskvalitet for pasientar ved å hjelpe til med auka tryggleik, lindre smerter og eksistensiell angst, samt støtte til pårørande. 

Prosjektoppstart var i 2015, og erfaringane frå dette prosjektet er overførbart til andre.

Prisvinnar arbeider godt tverrfagleg, og ført med seg ei brei mobilisering av mange aktørar gjennom fagdagar og i det daglege arbeidet gjennom refleksjonsarbeid og sjekklister i pasientforløpet. Prosjektet har som mål å betre den åndelege og eksistensielle omsorga i møte med pasientar som skal døy. Resultat viser betre involvering av pasientar og pårørande, auka samarbeid med frivillige, ei styrking av fagmiljø, og samarbeid med forskningsmiljø.

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes