Retreat for kyrkjeleg tilsette

Kyrkjeleg tilsette er invitert til reatreat med åndelig vegleiing på Åkerlehaugen ved Molde 28. - 31. januar 2018. "Korleis formar trua meg", er eitt av temaa.

 

Korleis formar trua meg? Kva skaper mitt bilde av meg sjølv?  Korleis blir min identitet forma?  Kva let eg påvirke meg? Dette er nokre av temaa under samlinga.

Retreatstaden Åkerlehaugen ligg like aust for Molde, omkransa av storslått natur og rike mogelegheiter for turar.

Retreaten vil foregå dagane 28. -31. januar 2018, og det er til saman 8 plassar, så det er lurt å melde seg på snarast råd..  Påmeldingsfrist er:  1. desember.

Møre bispedøme dekker utgifter for sine tilsette. Deltaking på retreat må avklarast med prosten. Tilsette i fellesråda og frå andre bispedøme må avklare med kyrkjeverje eller eigen arbeidsgjevar om dekking av utgifter.

 

 

Retreaten kostar 4.100,- kr.

Søknad om plass på retreaten må sendast tenesteveg til more.bdr@kirken.no

 

Les nærare program for retreaten

 

Velkommen til dagar med kvile og fornying!

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes