Fylkesordførar Jon Aasen sin nynorsk-salme: "Ditt barn eg no vil vera" ♫

Den nynorske salmen lever i mange, frå vogge til grav - og er ein stor rikdom. Møre bispedøme markerer 150 år med nynorsk salmar med å utfordre kjende personar til å dele sin salme. Fylkesordførar Jon Aasen deler sin salme: "Ditt barn eg no vil vera".

– Salmen som eg lærte av mor som barn sit framleis, seier fylkesordførar Jon Aasen.

SALMESTAFETTEN i Møre bispedøme
Biskop Ingeborg Midttømme sin nynorsk-salme
Konst. fylkesmann Rigmor Brøste sin nynorsk-salme
Feiring av den nynorske salmetradisjonen

 

– Då eg var liten var Ditt barn eg no vil vere kveldsbøna eg og syster mi las kvar kveld, fortel fylkesordførar Jon Aasen.
– Det var mor vår som lærte oss denne utenat - ho ville at vi skulle læra salmar. Om eg ikkje hugsar feil var dette salme nr. 531 i Nynorsk Salmebok. Den har berre eitt vers, og og det sit framleis!

 

Ditt barn eg no vil vera,
min Gud og Fader god!
Din vilje vil eg gjera,
lær meg ditt ord og bod!
Ber meg på dine hender,
vis meg den rette veg,
så kvar eg foten vender,
eg alltid fylgjer deg!

 

Tekst: Bernt Støylen, 1906 
Melodi: H.O.C. Zinck, 1801
Norsk Salmebok nr. 644
 
Jon Aasen utfordrar fylkesutdanningssjef Rune Opstad til å dele sin nynorsk-salme i salmestafetten.
 
 
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"