Rune Solenes Opstad sin nynorsk-salme: "Å ver hjå meg"♫

Den nynorske salmen lever i mange, frå vogge til grav - og er ein stor rikdom. Møre bispedøme markerer 150 år med nynorsk salmar med å utfordre kjende personar til å dele sin salme. Assisterande fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad, deler sin salme: "Å, ver hjå meg".

- Den nynorske salmen "Å, ver hjå meg" ber i seg vitnemålet om Gud som den trygge hamna i liva våre, og det er eit bilde alle vi på kysten kan kjenne oss igjen i, seier assisterande fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.

SALMESTAFETTEN i Møre bispedøme
Biskop Ingeborg Midttømme sin nynorsk-salme
Konst. fylkesmann Rigmor Brøste sin nynorsk-salme
Fylkesordførar Jon Aasen sin nynorsksalme
Feiring av den nynorske salmetradisjonen


– Salmen Abide with me; fast falls the eventide blei skriven av Henry Francis Lyte i 1847, og seinare omsett til nynorsk av Peter Hognestad. Saman med tonane frå William Henry Monk har dette blitt ein av dei mest kjende og kjære av salmane våre, seier Rune Solenes Opstad, som til dagleg er assisterande fylkesutdanningssjef/prosjektfagleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Det er mange grunnar til at denne salmen er så høgt elska, men den viktigaste grunnen er at den gjev trøyst i tider som kan vere utfordrande og vanskelege:

«Når all mi hjelp og trøyst har flytt sin veg,
Du, hjelp for hjelpelause, ver hjå meg!»

– Som kristen vil du alltid ha med deg nokon på vegen, uansett kor truande den vil sjå ut:

«Du er min førar og min trygge veg,
i skodde og i solskinn ver hjå meg»

– Salmen Å, ver hjå meg ber i seg vitnemålet om Gud som den trygge hamna i liva våre, og det er eit bilde alle vi på kysten kan kjenne oss igjen i, seier Opstad.

 

Å, ver hjå meg, for no er kvelden nær,
og snart det mørknar, Herre, hjå meg ver!
Når all mi hjelp og trøyst har flytt sin veg,
du, hjelp for hjelpelause, ver hjå meg!

Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag,
og jordlivs glede med sitt tome jag!
Omskifte ser eg kring på all min veg.
Å du som ei vert omskift, ver hjå meg!

Eg treng ditt nærvær kvar ei stund som kverv,
din nåde einast døyver freisting djerv.
Du er min førar og min trygge veg,
i skodde og i solskin ver hjå meg!

Kvi ottast meir når du meg signar mildt?
Gråt er kje beisk, og sår gjer ikkje ilt.
Kvar er din brodd, du daude, spør eg deg.
Eg siger vinn, min Jesus er hjå meg!

Syn meg din kross når augo mine brest,
lys meg til himlen når det mørknar mest;
sjå, morgonroden skin alt på min veg.
I liv og daude, Herre, ver hjå meg!

Tekst: H. F. Lyte 1847
Omsetjing: Peter Hognestad 1924
Melodi: William Henry Monk 1861

Norsk Salmebok nr. 818
 
Rune Solenes Opstad utfordrar stortingsrepresentant og påtroppande fylkesmann Else May Botten Norderhus til å dele sin nynorsk-salme i salmestafetten.
 
 
 
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"