Sterkt knytte til kyrkja

Folk i Møre opprettheld eit sterkt og tradisjonsbasert tilhøve til Den norske kyrkja og er nært knytte til si lokale kyrkje. Det viser opplysningane i Årsrapport 2016 frå Møre biskop og Møre bispedømeråd.

Folk i Møre er sterkt knytte til kyrkja. Her frå ein visitas i Averøy i 2016.

Årsrapport 2016 - Møre biskop - Møre bispedømeråd

Oppslutninga om dåp og konfirmasjon er framleis høgast i landet og gudstenestedeltakinga viser ein liten oppgang. 

80,4% av alle innbyggjarane i Møre og Romsdal er i dag medlemmer i Den norske kyrkja. Framleis vert livsritene for dei aller fleste markerte gjennom dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. I 2016 meldte 1685 seg ut av Den norske kyrkja, medan 131 meldte seg inn. Tilsvarande tal i 2015 var 646 ut og 104 inn. Talet på døypte og konfirmerte viser ein liten nedgang samanlikna med føregåande år.

 

I 2016 vart det gjennomført 2050 dåpar, 2688 konfirmasjonar, 414 vigsler og 2234 gravferder i Møre bispedøme. 87 prosent av foreldre som høyrer til Den norske kyrkja døyper borna sine. 72,1 % av alle fødde blir døypte. 95 % av alle døypte 15-åringar vel konfirmasjon, noko som er 78,6% av alle 15-åringar. Både for dåp og konfirmasjon er dette høgast i landet. Nær 7% fleire deltek ved nattverd under gudstenester samanlikna med 2012. 98,7% av dei som døyr får kyrkjeleg gravferd.

 

KYRKJELIV

Trusopplærings-satsinga er etablert i alle prosti, og er ei viktig plattform for å føre vidare kristen tru og tradisjon. Gjennom gudstenestereforma og trusopplæringsreforma er både nattverddeltakinga og kyrkjelivs-involveringa frå frivillige medarbeidarar auka. Det er gjennomført Ungdomsår 2016 i Møre bispedøme. Arrangement og aktivitetar med ungdom i fokus, godt synleg i lokalsamfunn og i bispedømet. Kyrkja som kulturarena er også styrkt.

Gjennom visitasar får biskopen nær kontakt med kyrkjelydane. I 2016 gjennomførte biskopen 6 visitasar i 14 sokn, med breitt program og god oppslutning lokalt.

 

PRESTAR

Kyrkjemedlemmene i Møre er framleis nært knytte til sin lokale prest, men utfordrande geografiske tilhøve og skiftande rekrutteringssituasjon gjer det nokre gonger krevjande å sikre prest over alt der folk bur. Årsrapport 2016 viser at delen kvinner i presteteneste i Møre er stabil. Delen prestar under 40 år er i prosent høgste i landet. 

Nye arbeidstidsavtalar for prestane er bestemt og innført i 2016. Dette har vore krevjande på mange plan. 

 

SKILJE STAT - KYRKJE

Frå 1/1-17 er Den norske kyrkja eige rettssubjekt, og gjennom 2016 vart det arbeidd med førebuingane av verksemdsoverdraginga frå staten til det nye rettssubjektet Den norske kyrkje. Skiljet gir konsekvensar i høve til utøving av mynde og inneber at tilsette i bispedømet frå 1/1-17 fekk Den norske kyrkja som arbeidsgjevar. 

  

DRIFT

Rekneskapen for Møre bispedøme i 2016 viser ei ramme på kr 76,3 millionar. Kring 60 prosent av ramma er driftsmidlar, der lønsutgifter utgjer 87 prosent. Den andre delen er tilskotsmidlar (omkring 30 mill.), som i hovudsak går til trusopplæringstiltak i kyrkjelydane samt noko til diakon- og kateketstillingar.

 

For meir informasjon:

Fungerande biskop Olav Gading, mobil: 918 46 026

Leiar av Møre bispedømeråd, Ann-Kristin Sørvik, mobil: 951 81 111

Stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, mobil: 928 10 040

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"