Reformasjonsjubileum i Møre 2017

2017 markerer 500-årsminnet for reformasjonen i Europa. I Møre bispedøme blir dette markert med forskjellige arrangement gjennom jubileumsåret:  Hovudarrangement i Bud og Volda  •  Fire temagudstenester  •  Salmekveldar i kyrkjelydane  •  Forestillinga "Nåde 2017"  •  Studieprosjekt

31. oktober 2017 er det 500 år sidan Martin Luther hengde opp 95 tesar på kyrkjedøra i Wittenberg i Tyskland. Tesane blei opptakten til reformasjonen og starten på ein reformsprosess som skapte den luthersk kyrkja.

Reformasjonen nådde også Møre, og ga støyten til endringar i kyrkjeliv og samfunnsliv. Gjennom heile 2017 blir denne viktige hendinga i kyrkjehistoria markert gjennom ulike arrangement i Møre bispedøme:

Sjå video frå reformasjonsarrangement i Molde domkirke januar 2017

 

HOVUDARRANGEMENT I BUD OG I VOLDA

På den gamle kyrkjestaden Bud i Romsdal blir det laurdag 23. september eit hovudarrangement knytt til lokalhistorie og reformasjonen. Det siste store riksmøtet i Noreg vart halde i Bud i 1533, innanfor ei ramme av dramatiske nasjonale hendingar. Saman med medarrangør Romsdalsmuseet blir det lagt opp til foredrag og seminar, der vi set søkjelyset på kva nedslag reformasjonen fekk i vårt område - og korleis vi kan følgje spora fram til vår tid? 

Bud kyrkje er 300 år i 2017, og dette blir markert med stor jubileumsfest i juni, der også kongen er invitert.

- - - -

Det andre hovudarrangementet skjer i samarbeid med Volda kyrkjelyd og Høgskulen i Volda, og er lagt til laurdag 21. oktober (under kyrkjefestveka i Volda). Dagen vil m.a. innehalde seminar kring reformasjonen, Luther-song, symfonikonsert i Volda kyrkje.

Les heile reformasjonsjubileums-programmet 21. oktober i Volda

 

FIRE TEMAGUDSTENESTER

Gjennom hausten 2017 er det planlagt 4 temagudstenester i alle kyrkjene i bispedømet. Saman med andre lutherske kyrkjer, har den norske Kyrkja valt å formulere 4 tema for desse gudstenestene: «Nåden åleine», «Frelsa er ikkje til sals», Menneske er ikkje til sals» og «Skaparverket er ikkje til sals.

27. august er «Nåden åleine» tema for gudstenestene i bispedømmet. Biskopen vil då ta del på feiringa i Volda kyrkje.

17. september er tema: «Skaparverket er ikkje til sals», og biskopen deltek på gudsteneste i Ålesund.

15. oktober/29. oktober er tema: «Frelsa er ikkje til sals. Biskopen deltek under reformasjonsfeiring og kyrkjesongfest i Molde Domkirke.

19. november er tema «Menneske er ikkje til sals». Biskopen tek del i gudstenestefeiringa i Kirklandet kirke i Kristiansund.

 

SALMEKVELDAR I KYRKJELYDANE - EVANGELIET SKAL SYNGAST

Reformasjonen gav impulsar til kyrkjelydssong. Til salmekveldar rundt om i kyrkjene i bispedømmet vil det bli samla eit knippe kjernesalmer og kyrkjelydane får opplegg til lokale salmekveldar gjennom jubileumsåret.

 

FORESTILLINGA "NÅDE 2017"

Kunstnarar og forfattarar er inviterte til å lage 7 ulike framsyningar knytt til temaet «Nåde 2017» Framsyningane er tilrettelagte for kyrkjerommet og rettar seg mot ulike grupper. I Møre bispedømme er Marit Kaldhol forfattar og førestillinga blir sett opp i regi av Inger Bakke. Målgruppa er barn og unge i ungdomsskulealdar. Førestillingane ambulerer, og vil for det meste turnere innanfor eige kjerneområde.

 

STUDIEOPPLEGGET "REFORMASJON NÅ"

Som ein del av reformasjonsjubileumsmarkeringa vil alle prestar i bispedømet delta i studieopplegget «Reformasjon nå» hausten 2016 og vår 2017. Studieopplegget er utvikla av dei teologiske lærestadane og gir studiepoeng. Prostane er nøkkelpersonar i denne tilrettelegginga og gjennomføring av studieprogrammet.

 

FASTEAKSJONEN I REFORMASJONSJUBILEUMSÅRET

2016 vedtok Kirkemøtet at fasteaksjonen skulle være reformasjonsjubileets diakonale prosjekt. Ut fra dette vedtaket uttaler Preses Helga Haugland Byfuglien:

«Det er viktig for kirken at reformasjonsmarkeringen ikke bare blir seminarer og festtaler, men at markeringen også kan bidra konkret til at vi hjelper hverandre som medmennesker på jorden. Vi fant ut at den beste måten å gjøre det var å gå i samarbeid med Kirkens Nødhjelp om fasteaksjonen. Jeg vil utfordre alle menighetene våre til å satse ekstra sterkt på fasteaksjonen 2017»

I år er tema for fasteaksjonen «Ja, vi elsker dette vannet!» og aksjonsdagene er 2.- 4. april

Klikk på bildet under for å se filmen "Ja, vi elsker dette vannet"

 

Materiell, inspirasjon og tips til menighetene ligger klart på:  www.fasteaksjonen.no

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes