Prostar og prosti - den regionale kyrkja

Det er sju prosti i Møre bispedøme. Prosten leier prestetenesta i prostiet og gir biskopen støtte i hennar teneste.

Det har frå etableringa av bispedømet vore sju prosti i Møre:

  • Ytre Nordmøre prosti
  • Indre Nordmøre prosti
  • Indre Romsdal prosti
  • Molde domprosti
  • Nordre Sunnmøre prosti
  • Austre Sunnmøre prosti
  • Søre Sunnmøre prosti

 

Fram mot 2020 blir denne inndelinga utfordra av nye kommunar og kommunegrenser, og dette kán på sikt også føre til endringar i prostiinndelinga.

Prosten har biskopen som næraste overordna og tek i vare arbeidsgjevaransvaret for prestane i prostiet.

Prosten skal i samvirke med dei kyrkjelege råda fremje godt arbeidsmiljø, samarbeid og åndeleg fellesskap i prostiet. Prosten skal også sjå til at prestane forvaltar Ord og sakrament til vekst for kristent liv og kristen tru.

Prostane har også som oppgåver m.a. å administrere ferie- og fritidsordningar, ta del i bispevisitasane, reise på prostebesøk, halde medarbeidarsamtaler, foreta innsetjing av prestar, kateketar, diakonar og kantorar samt ta del på møte i råd og utval.

Les heile tenesteordninga for prostar

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes