Fakta om Møre bispedøme

Møre bispedøme har samme grenser som Møre og Romsdal fylke.

MEDLEMMER:

I Møre og Romsdal er det om lag 265 000 innbyggarar. Av desse er omlag 216 000 medlemmer i Den norske kyrkja. Det gjev ein medlemsprosent på kring 82 %.


INNDELING:
Bispedømet er delt opp i 7 prosti og 97 sokn.


STILLINGAR:
Bispedømerådet er arbeidsgjevar for omlag 80 faste prestestillingar, - prostar, sokneprestar, kapellanar og prostiprestar. Bispedømerådet er òg arbeidsgjevar for dei tilsette ved bispedømekontoret. Her er vel 14 årsverk fordelt på 16 personar.


FELLESRÅD:
Det er 32 kyrkjelege fellesråd i bispedømet, med eit par unntak følgjer desse kommunegrensene. Alle fellesråd har ein dagleg leiar for verksemda si, kyrkjeverjen. Fellesråda er arbeidsgjevarar for organistar, kyrkjetenarar, klokkarar, kyrkjegardsarbeidarar, kontortilsette, diakonar, kateketar mv.


KYRKJER:
I bispedømet er det i underkant av 120 kyrkjer. Av desse er 9 middelalderkyrkjer (oppført før 1650), 22 kyrkjer er bygde i perioden 1650 – 1850. Dei andre kyrkjene er frå 1850 og framover. Frå Møre bispedøme vart oppretta i 1983 er det vigsla 9 nye kyrkjer.


Tal frå statistikken for 2015:

  • 216 488 av innbyggarane i Møre er medlemmer i Den norske kyrkja
  • 2 175 vart døypte
  • 479 par vart kyrkjeleg vigde
  • 2 201 vart gravlagde
  • 2 738 vart konfirmerte
  • 3 666 gudstenester (sum for sundagar, helgedagar og andre dagar)
  • 388 599 deltok på desse gudstenestene

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes