Påmelding stiftsdagar 2018

Møre bispedøme har gleda av å invitere alle tilsette i dei kyrkjelege fellesråda og alle tilsette i Møre bispedømeråd til Stiftsdagar i Ålesund 13. - 14. juni. Meld deg på nedst på sida her!

Møre bispedøme inviterer til fest og fag, med særleg fokus på kyrkja sitt viktigaste oppdrag! 

Lat riket ditt koma er overskrifta over årets stiftsdagar, som blir arrangert i Ålesund 13. - 14. juni. 

Mellom programpostane under Stiftsdagane 2018 er: Frå spesielt til essensielt v/ Berit Hagen Agøy, Verkemiddel for fornya dåpsfokus v/ Andreas Eidså, Biskopens time v/ biskop Ingeborg Midttømme.

Andre programpostar: konsert «Naturen syng» -Salmebilete, Gudsteneste i Ålesund kyrkje.

Påmeldingsfristen er 30. april

Arrangementet blir halde på Scandic Parken hotell, der det også er overnatting.

Prisar:
Full pensjon dobbeltrom: kr. 1950
Full pensjon enkeltrom: kr. 2250
Dagpakke, inkl. lunsj kr. 600
Festmiddag, kr. 550

Fellesråda betaler for sine tilsette. Møre bispedømeråd betaler for sine tilsette.

 

Reise
Reis saman, reis kollektivt! Kva med Fram ekspressbuss til Ålesund og hurtigruta «Richard With» heim? (Avgang 19:00 Ålesund, framme Molde kl. 21:45 og Kr.sund kl. 01:45) 

Avtal påmelding og reisemåte med arbeidsgivar. Parkering i fjellhall «Aksla Parkering» eller i hotellkjellar.

Les meir om Stiftsdagane 2018

Har du spørsmål knytt til arrangementet kan du kontakte avdelingsleiar kyrkjeliv i Møre bispedøme, Arvid Helle - mobil: 412 16 956 - e-post: ah274@kyrkja.no

 

Påmeldingsfrist: 30. april Fyll ut påmeldingsmodul. Påmelding etter påmeldingsfrist kr. 300 ekstra.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"