Påmelding til Ungdomsting 2020

Ungdomsting 2020 i Møre bispedøme blir arrangert 13.-15.mars på Phillipshaugen i Øksendal.

Deltakarar på Ungdomsting 2019

Ungdomstinget vil vare ei heil helg slik at  dei som kjem får god tid til å bli godt kjent med kvarandre.

Ungdomsrådet ønskjer at det årlege Ungdomsting vekslar på å vere på ulike stader i Møre. Dette året er det Nord-Møre sin tur.    

Biskop Ingeborg Midttømme vil vere med på samlinga og ho ser fram til å møte ungdommen.

Programmet for samlinga vil variere mellom sakspresentasjon, plenumsdebatt, komitéarbeid, workshop, foredrag, kveldssamling, gudsteneste og sosialt program med mat og aktiviteter.

Alle som er mellom 15- 30 år kan delta under ungdomstinget, men berre 2 frå kvar kyrkjelyd eller ungdomsorganisasjon kan vere delegatar med røysterett. 

Påmeldingsfristen er tysdag 10.mars. Fyll inn skjema som ligg nedanfor.

Pris: 1200,- ( inkluderer all mat og overnatting på leirstaden)

 

Er du delegat er det vanleg at kyrkjelyden/organisasjonen du representerer dekker kostnaden. Du kan også søke dei om reisestønad.

Ungdomsrådet skal utarbeide programmet for Ungdomsting 2020. Når det er klart, blir det lagt ut her. Fram til då kan du lese om Ungdomsting 2019.

Påmeldingslinken er open og du kan starte med å melde deg på allerie nå.

Ungdomsrådet håper at mange vil bli med og at mange kyrkjelyder og organisasjoner er godt representert.

Har du spørsmål knytt til arrangementet kan du kontakte rådgivar for ungdom i Møre bispedøme:

Inger Marie Jakobsen Sylte, e-post: is969@kyrkja.no

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"