Ledig stilling som sokneprest i Klepp sokn

Det er ledig stilling som sokneprest i Jæren prosti med Klepp sokn som tenestestad. Me søkjer ein sokneprest som har evner til kyrkjelydsutviklande arbeid.

Soknepresten er med i mykje av kyrkjelydsarbeidet, blant anna trusopplærings- og konfirmantarbeidet.  Foto: Klepp kyrkjelyds Facebook-side

Kristus for alle, felleskap og teneste for alle.

Kyrkjelydsutvikling, involvering og misjonal kyrkjelyd er kjerneomgrep for Klepp kyrkjelyd i sitt arbeid i åra framover. Kyrkjelyden brukar "Fokus-vekst i lokalmenigheten", eit verktøy for kyrkjelydsutvikling.

Soknepresten må trivast med å arbeide i ein kyrkjelyd der frivillige er aktivt med å førebu og er sterkt involverte i gjennomføringa av gudstenestene, og der ein saman søkjer etter nye måtar og nye former å formidle evangeliet på.

Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Time og Hå. Klepp sokn ligg i førstnemnde kommune. Klepp kommune og Klepp kyrkjelege fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med 4 sokn:  Klepp, Frøyland og Orstad, Bore og Orre.

Klepp kommune og nabokommunane har mykje vakker natur å by på. Klepp kommune har gode tilbod innan idrett, kulturskule, etc.

Klepp sokn har 4 forordna gudstenester pr. månad. Det blir brukt nynorsk liturgi.
Gudstenestene i Klepp kyrkje følgjer normal ordning for gudstenester i Den norske kyrkja. Gudstenestene har god oppslutnad.

Søknadsfrist er 1. mars.

Stillinga er ledig frå 1. september 2020.

Les heile utlysinga og søk på stilling her.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"