Velkommen til dåp!

Hovedbilde for tema

I generasjon etter generasjon har vi bore borna våre "til Gud i den heilage dåpen". Framleis vel mange den tryggleiken og tilhøyrsla dåpen gir: Ein himmel over livet, ein kjærleik som ber oss gjennom alle dagane vi møter. Guds kjærleik omsluttar eit kvart menneske, frå livet byrja til livet endar, og det er dåpen eit synleg teikn på. Å bere eit barn til dåpen er å gi vidare noko stort og viktig!

I dåpen vert vi ein del av ein større samanheng: Vi vert ein del av den verdsvide kyrkja, og vi vert ein del av kyrkjelyden der vi bur. Vi får ein stad der vi stadig kan øve oss i tru, håp og kjærleik, saman med dei andre.

Dåpen er for alle: små og store er velkomne til dåp i kyrkjene i Ørsta! Kvart år vert folk i alle aldrar døypte i Den norske kyrkja. På nettsidene våre kan du lese meir om dåpen og dei praktiske førebuingane, og du kan melde deg sjølv eller barnet ditt til dåp.

Meir om dåp i kyrkja

Kan ikkje laste video uten samtykke for bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontakt