Praktisk informasjon om dåp i kyrkjene våre

Her finn du svar på vanlege spørsmål om dåp i kyrkjene våre

Praktisk informasjon om dåp i kyrkjene våre

Kven kan bli døypt?

Alle som ønskjer det, kan bli døypt! Kvart år vert både små born, store born, ungdommar og vaksne døypte i Den norske kyrkja. Nokre av dei kan du lese meir om her.

Eg vil vite meir om dåpen- kva gjer eg?

Du kan gjerne lese meir om dåpen på Den norske kyrkja sine nettsider. Mange av dei spørsmåla folk har om dåp, finn du kanskje svaret på her: Vanlege spørsmål og svar for deg som planlegger dåp.

Ta gjerne kontakt med oss om du vil snakke med ein av prestane om dåp, det vil vi gjerne!

Blir ein medlem i Den norske kyrkja når ein blir døypt?

Ja, dåpen er vegen inn i kyrkja. Når ein døypt, blir ein samstundes medlem i Den norske kyrkja der ein bur. I åra etter dåpen blir ein invitert til ulike alderstilpassa tilbod, som ein er velkommen til å delta på. Det er dette vi kallar trusopplæringstiltak.

Når er det dåp?

Det er dåp i mange av gudstenestene våre. I Ørsta kyrkje er det høve for dåp fleire søndagar i månaden. I Vartdal og Hjørundfjord kyrkje er det høve til dåp i dei fleste gudstenestene som er i kyrkjene. Når du trykker på "påmelding til dåp" og loggar inn, vil du få opp ei oversikt over alle dåpsdatoar i månadane framover. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål!

Må ein ha fadder når det er dåp?

Ja, ein må ha minst to fadrar som er til stades under dåpen. Desse er vitne om at ein er døypt med den kristne dåpen. Den som skal vere fadder må vere fylt 15 år, og vere ein kristen som ikkje avviser barnedåpen. Les gjerne meir om å vere fadder her.

Kan eg velje dåp i ei anna kyrkje?

Ja, det kan du! Du kan velje dåp anten der du/barnet bur, eller i ei anna kyrkje. Dersom du vil melde dåp i Hjørundfjord, Vartdal eller Ørsta kyrkje, kan du bruke skjemaet vårt. Ønskjer du dåp ein annan stad, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret der.

Eg vil at barnet mitt skal bli døypt - eller bli døypt sjølv- kva gjer eg?

Då kan du trykke på "påmelding til dåp"-knappen, og logge på sida du kjem til. Der kan du velje ønskja dåpsdato, og legge inn personopplysingar. Når vi har fått registreringa di, tek vi kontakt med deg og gjer avtale om dåpssamtale.

Eg vart døypt som barn, men er ikkje medlem i Den norske kyrkja. Korleis blir eg medlem igjen?

Då kan du melde deg inn igjen i Den norske kyrkja her. Du er også velkommen til å kontakte ein av prestane om du vil vite meir.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"