Velkommen som konfirmant 2025

Vi har opna påmeldinga til konfirmantåret 2024/25. Meld deg på innan 30.juni!

Det er konfirmasjon i kirken. En gutt som smiler  i konfirmantkappe.

Alle kan bli konfirmant i kyrkja! Velkommen uansett om du trur, ikkje trur eller er litt usikker. Det einaste kravet er at du er døypt innan konfirmasjonsdagen. Om du ikkje er døypt frå før, er det ikkje noko problem. Mange blir døypt i løpet av tida som konfirmant.

Påmelding til konfirmantåret 2024/2025!

No har vi sendt ut invitasjon til konfirmasjon til alle medlemmer som er fødde i 2010. Du er sjølvsagt velkommen til konfirmasjonstida sjølv om du ikkje er medlem enno. 

I veke 23 (første veka i juni) hadde vi innskriving i kyrkjene. Her fekk neste års konfirmantar vite litt meir om det å vere konfirmant, og fekk ein smakebit på opplegget. Fleire av dei tilsette i kyrkja var på plass for å svare på spørsmål om konfirmasjon og konfirmanttid.

Dersom du ikkje hadde høve til å vere med på innskrivinga, kan du likevel vere med som konfirmant 24/25! Meld deg på no,  ved å trykke på lenka under ("Påmelding som konfirmant 2025"), logge inn og fylle ut påmeldingsskjemaet. Dette må ein gjere saman med foreldre/føresette.

Korleis ser konfirmantopplegget vårt ut?

I konfirmasjonstida er du med på:
- Innskriving og registrering
- Avspark
- Presentasjonsgudsteneste
- Undervisningssamlingar knytt til
ulike tema
- Leir på Sunnmøre folkehøgskule i
Ulsteinvik
- Fasteaksjon
- Deltaking i gudstenester
- Konfirmasjonsdagen


Vi sender ut meir informasjon om konfirmantåret, både om opplegget, datar og gruppeindelingar, i august. Vi kallar også inn til informasjonsmøte i slutten av august/byrjinga av september. Dersom du har spørsmål til opplegget, kan du kontakte oss.


Kyrkja er eit mangfaldig fellesskap, og vi ønskjer at alle skal få ei god konfirmasjonstid. Om det er behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"