Sorgarbeid

Sorgarbeidet er ein viktig del av diakonien. I Ørsta tilbyr diakonen, saman med prestane, både besøksteneste og samtaletilbod.

En diakon i samtale med en annen.

Samtaletilbod

Gjennom livet er dei fleste av oss i situasjonar og livsfaser der vi treng nokon å snakke med. Diakonen og prestane er tilgjengeleg for samtale og tilbyr både heimebesøk, samtale på kontoret eller på telefon.  Med oss kan du snakke om "alt mellom himmel og jord", det som er godt og det som er vanskeleg, det som har med trua å gjere og alt anna du er opptatt av! Vi er her for deg og ynskjer å lytte til dine erfaringar og dine tankar om livet. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.

Besøksteneste

Mange menneske i vårt samfunn kjenner på einsemd og saknar nokon å drikke kaffe, spise lunh eller berre prate med. Diakonen i Ørsta har besøksteneste, og kjem gjerne på besøk til dei som ønskjer det. Det kan vere regelmessig besøk, eller det kan vere nokre gongar, alt etter kva ein ønskjer.

Ønskjer du sjølv besøk, eller kjenner nokon som ønskjer det? Ta kontakt med diakonen!

Diakon i miljøet

Av og til har diakonen samtalar ute, som ho kallar "vandresamtalar eller diakon i milljøet" med folk som ho treff ute. Desse samtalane flyt lettare når ein er ute i naturen. Du kan treffe "diakon i milljøet" nokre fredagar.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"