Føremiddagstreff

I samarbeid med Ørsta Frikyrkje og Ørsta Indremisjon inviterer Ørsta sokneråd alle som har tid og lyst til Føremiddagstreff annankvar torsdag. Neste treff vert i morgon, torsdag 21.november kl 11.

Føremiddagstreff

Hausten 2024 vil vi  arrangere Føremiddagstreff på torsdagar, annankvar veke. Alle som har lyst eller høve er hjarteleg velkomne til å vere med, anten det gjeld eldre og yngre pensjonistar, foreldre som er heime med born eller andre som har høve til å ta seg fri eit par timar frå sitt daglege gjeremål.

Det kan vere kjekt for alle å treffe gamle vener og bli kjent med nye, også på tvers av generasjonar. Vi synes at det er fint å ha ein møteplass på dagtid, derfor vil det sosiale vere ein viktig del av treffa. Det vert ei enkel song og andaktsstund kl.12.00. Utover dette vil vi ha rikeleg med tid til sosialt samvære og noko å drikke og ete. Er det nokon som vil ta ordet og fortelje ei god historie vert det også høve til det. 

Vi prøver å legge treffa slik at dei ikkje kjem i konkurranse med pensjonistlaget sine treff, babysong og Røde Kors sin eldrekafé. Det første Føremiddagstreffet vert arrangert i kjellaren til Ørsta Frikyrkje torsdag den 24. oktober 2024 frå kl. 11:00 til 14:00. Deretter samlast vi på same stad og tid den 7. november, 21. november og 5. desember 2024.

Etter det set vi opp eit nytt program for resten av 2024 og 2025. Vel møtt!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"