Språkkaféen startar opp att!

Språkkafeen startar opp att 5.september, og er open kvar torsdag frå klokka 18:00 til 20:00 i Vikegata 5. Velkommen!

Språkkaféen startar opp att!

Ørsta Kyrkjelege Fellesråd ynskjer å bidra til integrering av flyktningar som kjem til Ørsta.  Vi har etablert ein internasjonal språkkafé der flyktningar kan møte nordmenn, og andre innvandrar som allereie er integrerte i lokalsamfunnet. Formålet med språkkaféen er å tale norsk saman, hjelpe flyktningane med lekser dei får frå ordinær norskopplæring, samt å gi dei hjelp med diverse praktiske gjeremål som utfylling av skjema, orientering om det norske samfunnet, korleis delta i ulike fritidsaktivitetar, osv.

Vi treng frivillige, både menn og kvinner, som kan delta på den internasjonale språkkaféen. Den er open kvar torsdag frå klokka 18:00 til 20:00 på Kyrkjekontoret sin undervisningssal i Vikegata 5.  Er du interessert i å delta i dette viktige arbeidet for integrering av flyktningar i kommunen, så ta kontakt med Diakon Betty Søvik. (sjå kontaktinformasjon nedst på sida)

Litt bakgrunnsinformasjon om korleis vi kan hjelpe flyktningar å bli integrert i lokalsamfunnet. Følgjande punkt er noko av det flyktningar oppfattar som sentrale hindringar for integrering:

- manglande kunnskap om lokalt språk og kultur

- diskriminering og lite mottakelege haldningar til utlendingar i vertslandet;

- manglande forståing i vertslandet for spesifikke situasjonar til den enkelte flyktning;

- psykologiske problem som følgje av problem i landet dei kjem frå, samt  langvarig inaktivitet under søkeprosessen for asyl;

- avgrensa tilgang til informasjon om rettane til personar som buset seg i eit nytt land.

 Integrering av flyktningar er ein dynamisk prosess som krev innsats frå alle berørte partar, inkludert flyktningane sjølve til å vere opne for å tilpasse seg vertslandet utan å måtte gi avkall på sin eigen kulturelle identitet. Tilsvarande er det viktig at vertslandet  og offentlege institusjonar som er ansvarlege for flyktningane å forstå dei ulike behova til ei mangfaldig flyktningbefolkning. Integreringsprosessen er kompleks og omfattar juridiske, økonomiske, sosiale og kulturelle dimensjonar som alle er viktige for at flyktningane skal bli fullt inkluderte medlemmar av samfunnet.

Språk er avgjerande for god integrering. Gode språkkunnskapar legg til rette for aktiv deltaking for barn i skulen, er viktig for å få jobb i vertslandet, deltaking i fritidsaktivitetar og politisk arbeid. Kunnskapen flyktningane tileignar seg under opphaldet i Norge kan også bli ein verdifull ressurs når eller om dei vender tilbake til heimlandet sitt.

Voksenopplæring er også viktig for å redusere byrda for barn som ofte blir bedt om å tjene som tolkar for voksne familiemedlemmar. Norskkunnskap for vaksne kan gi tilgang til yrkesopplæring eller vidareutdanning som på sikt gjer asylsøkarane i stand til å delta i arbeidslivet og skaffe seg eiga inntekt i staden for å vere avhengig av økonomisk støtte frå vertslandet.

Den beste måten å lære språk på er å praktisere den i samtalar med andre. Ein språkkafé som Ørsta Kyrkjelege Fellesråd har etablert er ein god møteplass for slike samtalar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"