Kva skjer i gudstenesta?

Her kan du lese om liturgien i gudstenestene våre, og få vite meir om kva ei gudsteneste er.

En mann tar imot et oblat under nattverden. Mannen kneler foran alteret.

Dei fem hovuddelane i gudstenesta

I Den første delen er kalla samlingsdelen. Aller først ringer klokkene i om lag fem minutt. Dette er meint som ei tid for stillheit, ettertanke og bøn. Deretter er det inngangssalme, inngangsord, inngangsbøn, før kyrkjelyden saman syng kyrie og gloria. Kyrie er eit bønerop der vi saman ber Gud om hjelp til det som er vondt i våre liv og i verda rundt oss. Gloria er vår takk til Gud for alt det gode han gir.

Dersom det er dåp i gudstenesta kjem den rett etter gloria. Les meir om dåp her: «lenke til dåp».

II Den neste hovuddelen er Ordet.

Her vert det normalt lest tre tekstar frå Bibelen, først frå det gamle testamentet, deretter frå den nye testamentet utanom evangelia og til slutt ein tekst frå eit av dei fire evangelia. Før og etter evangelieteksten syng kyrkjelyden eit hallelujaomkved. Etter at evangeliet er lest preiker presten utifrå dei tekstene som er lest med hovudfokus på evangelieteksten.

III Den tredje hovuddelen er forbønsdelen.

 Denne vert innleia med syndsvedkjenning. Som menneske er vi berarar av både godt og vondt. I syndsvedkjenninga får vi saman, i stillheit, legge fram for Gud alt vi angrar på at vi har gjort eller ikkje gjort, sagt eller ikkje sagt. Deretter minner presten oss på løfta Gud har gitt om at han vil tilgje alt vi ber om tilgjeving for. Etter syndsvedkjenninga les presten og ein medliturg frå tre til fem bøneledd, medan kyrkjelyden svarer med bøneropet «Herre, høyr vår bøn». Slik får vi alle vere med i bøna sjølv om det berre er nokre få som les bønene.

IV I dei fleste gudsteneste i kyrkjene i Ørsta er det nattverd.

Her, som i dåpen, møter Gud oss på ein særskilt måte. Den siste kvelden Jesus var saman med læresveinane delte han ut brød og vin og sa: «Dette er min kropp som vert gjeven for dykk» og «Dette begeret er den ny pakt i mitt blod som blir utrent for dykk så syndene blir tilgitt.» Gjennom brødet og vinen blir vi på underleg vis eitt med Gud og kvarandre i eit fellesskap som kryssar tid og rom. Nattverden er ikkje eit premiebord for dei som synes dei får til livet, men ei gåve til alle oss som kjenner at vi ikkje greier å leve opp til forventningane frå oss sjølve, medmenneska våre eller Gud. Nattverden er open for alle som ynskjer det, men du er sjølvsagt også fri til å vere med i gudstenesta utan å ta del i nattverden. Under nattverdfeiringa er det også høve til å tenne lys eller skrive ei bøn til bønekrukka. Under nattverden kan det vere salmesong, instrumentalmusikk eller eit musikkinnslag.

V Slutningsdelen

Gudstenesta vert avslutta med sluttsalme, velsigning, klokkeslag, postludium og utsending.Velsigninga har røter heilt tilbake til det gamle testamentet der Moses får beskjed om å velsigne Israelsfolket med dei same orda som i dag vert nytta på ulike språk i gudstenester over heile verda. Heilt slutt sender presten kyrkjelyden ut med ønske om fred og kall til teneste: «Gå i fred, ten Herren med glede». 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"