På Livspust er det alltid fokus på song og musikk. Det er gjerne lokale aktørar med, og desse har gjerne både eigne innslag og er med som forsongarar. Preika er denne dagen bytta ut med ein samtale om liv, tru og tvil. Mot slutten av gudstenesta er det alltid nattverd med høve for å tenne lys og skrive bønelappar.
Velkommen til Livspust - ei messe for heile livet.