Vi startar med jubileumsgudsteneste klokka 1100. I gudstenesta vil vi synge ein av salmane som vart sunge på vigslingsgudstenesta, organist John Inge Bjøringsøy er musikalsk ansvarleg og Fredrik Hope tek del med hardingfele. Sokneprest Arne Moltubak vil preike over den same teksten som prost Rasmus Rolland preika over den gongen, nemleg Johannes 8,12. Fire born blir døypt og tatt inn i kyrkjelyden.
Etter ein god kyrkjekaffi samlast vi til historietime i kyrkjerommet. Her vil Arne Moltubak ta oss med tilbake til 1864 og fortelle om både gamlekyrkja, arbeidet med nyekyrkja og dele glimt frå dei 160 åra kyrkja har vore midtpuktet i Ørsta-samfunnet.
Vi gler oss til å feire den flotte kyrkja vår!