Undretur og utdeling av 4-årsbok

15. og 16.juni inviterer vi alle som er fødde i 2020 til undretur og utdeling av fireårsbok i Ørsta kyrkje.

Illustrasjon frå "Kyrkjeboka mi"
Vi har byrja å glede oss allereie: Vi inviterer alle som blir fire år i år til undretur laurdag 15.juni og til utdeling av "Kyrkjeboka mi" i familiegudstenesta søndag 16.juni. Det er dei som er fødde i 2020 og som bur i Ørsta sokn som vert inviterte denne gongen.
 
På undreturen laurdag 15.juni kl 11 får borna oppdage og utforske kyrkja på sine eigne premiss. Dei får sjå, høyre og prøve sjølv, slik at dei kan erfare at kyrkja vår i Ørsta også er deira kyrkje!
I familiegudstenesta søndag 16.juni kl 11 får borna si eiga fireårsbok. Gudstenesta passar godt for fireåringar, mellom anna med barnesongar og formidling til borna. Etter gudstenesta vert det kyrkjesaft- og bollar!
 
Har du ein fireåring heime? Då kan du melde på allereie no i skjemaet under.
 
Har du ein fireåring som ikkje er medlem i Den norske kyrkja, og som har lyst på fireårsbok? Berre ta kontakt med oss!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"