Allehelgenskonsert: Musikk til trøyst og ettertanke

Vel møtt til allehelgenskonsert i Ørsta kyrkje laurdag 2.november kl.18

Allehelgenskonsert: Musikk til trøyst og ettertanke

Som ei innleiing til allehelgensdag inviterer vi til konsert i Ørsta kyrkje: Musikk til trøyst og ettertanke.
Vi får høyre Ørsta kyrkjekor, Marie A. Riise (piano og orgel) og Leiv Arne Nydal (fele). Dei vil skape ei vakker ramme rundt konserten, med musikk som høver spesielt godt til denne helga.Mellom musikkinnslaga får vi høyre bøner frå bøneboka.

Konserten er open for alle, i tillegg til at dei som har mist nokon sidan sist allehelgensdag får ei særleg innbyding.


Musikk kan bere glede og sorg, opne for kunnskap og ettertanke og uttrykke det som ikkje kan seiast med ord. Musikken kan føre oss i kontakt med djupe livstema som makt og avmakt, glede og smerte, liv og død. Den kan formidle håp og restituering frå kjelder utanfor oss sjølve. Musikken kan gje oss håp og trøyst, og det er nettopp dette som vert tonen for konserten komande laurdag i Ørsta kyrkje.


Vi ynskjer alle velkomne til ei roleg, vakker og stemningsfull konsert i Ørsta kyrkje, laurdag 02.nov kl.18.00
Gratis inngang - kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid.
Varmt velkomen!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"