Friluftsgudsteneste i Grøvika

Søndag 23. juni klokka 1200 inviterer Ørsta sokneråd, Liadal grendalag og Liadal kulturlag til friluftsgudstenesta i Grøvika.

Friluftsgudsteneste i Grøvika

Parkèr ved det gamle fergeleiet på Rjånes eller bak naustrekka ved småbåthamna.

I Ørsta er vi velsigna med mange flotte naturperler og Grøvika er definitivt ei av dei. Difor er det flott å kunne feire gudsteneste akkurat her, midt i det flotte og vakre Gud har gitt oss.

Skuleferien har akkurat starta. Vi er ved midtsommar og på søndag skal mange feire Jonsokaftan med lurvetog, rjomegraut og jonsokbål. I Grøvika vil vi denne dagen nytte tekstene for sjølve jonsokdagen, 24. juni. Evangelieteksten talar om døyparen Johannes som skulle rydde veg for Jesus og peike på han. I teksten frå Matteusevangeliet seier Jesus: «Frå Johannes døyparens dagar og like til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer seg på, riv det til seg.»

Glimt av himmel?

Kan vi framleis merke at himmelriket trengjer seg på i vår verd og i vår tid? Kan vi framleis sjå glimt av himmel midt i alt som truger livet, håpet, notid og framtid? Kanskje kan vi saman hjelpe kvarandre til dette denne formiddagstimen i Grøvika på ein av sommaren sine lysaste dagar.

Kirsten Ragnhild Grimstad og Espen Aarseth sørger for musikken med song og gitar. Etter gudstenesta vert det kaffi og kaker og kanskje høve for eit bad for dei aller sprekaste? Ved dårleg veir vert gudstenesta flytta innandørs til Vidsyn forsamlingshus på Liadal. Vel Møtt!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"