Festspelgudsteneste i Aasentunet

Søndag 9.juni klokka 11 feirar vi gudsteneste under Dei nynorske festspela i Aasentunet.

Uteamfiet i Aasentunet. Foto: Nynorsk kultursentrum

Mangeårig tradisjon

Festspelgudstenesta er eit fast innslag under Dei nynorske festspela, som vert arrangert av Nynorsk kultursentrum denne veka. I eit rikhaldig festspelprogram er gudstenesta søndag føremidda ei viktig hending. Gudstenesta er som vanleg eit samarbeid mellom Volda og Ørsta sokn og Nynorsk kultursentrum.

Spennande deltakarar

I år er det prest og salmediktar Marita Bjørke Ådland som er årets festspelpredikant, og festspeldiktar Knut Ødegård les eigne tekstar. Morkakoret og Volda kyrkjekor tek del under leiing av Morten Bollerud og Bert Handrick.
 

Nyskriven salme

Under gudstenesta syng me ein heilt nyskriven salme som Marita og Bert har skrive saman. Me får også ei ny nynorskomsetjinga av ein velsigningssalme mange er glade i. “Må din veg kome deg i møte” står berre på bokmål i salmeboka (N13 624). Omsetjar Hans-Olav Mørk omsette til både nynorsk og bokmål i si tid, og no har han omsett eit vers til. Så på søndag syng vi salmen slik:
 
MÅ DIN VEG KOME DEG I MØTE
T: Keltisk trad.
O: 2006, 2024 Hans-Olav Mørk
M: 1989 Nickomo Clarke
Må din veg kome deg i møte,
vinden alltid vere bak din rygg,
sol og lys leike på ditt kinn,
regnet falle venleg mot di jord,
og må Guds gode hand
verne om deg
til vi møtest igjen.
 
Må din dag stråle frå sin kvelving,
stjerner skine i di mørke natt,
blomar stå opne langs din stig,
stormen aldri rokke ved ditt hus,
og må Guds gode hand
verne om deg
til vi møtest igjen.
 
(©️ 2006, 2024 Hans-Olav Mørk)
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"